Carol Grimes
Fødd7. april 1944 (80 år)
FødestadLondon Borough of Lewisham
OpphavStorbritannia
Instrumentvokal
PlateselskapCharly Records
Verka somsongar, låtskrivar, jazzmusikar

Carol Ann Grimes (fødd 7. april 1944) er ein britisk songar og låtskrivar.

I 1969 vart ho med i bandet Delivery og spelte inn det einaste albumet deira før ho starta ein solokarriere. Før solokarrieren hennar kom i gang var ho òg medlem av det kortvarige bandet Uncle Dog og spelte inn eit album med dei kalla Old Hat i 1972. Det første soloalbumet hennar, Warm Blood (1974), vart spelt inn med medlemmar av Area Code 615 og Average White Band. Ho spelte inn det andre albumet sitt i Memphis i Tennessee, med Brecker Brothers, Donald «Duck» Dunn og The Memphis Horns. Ho skipa bandet Eyes Wide Open i 1984. Seinare vart ho lærar og arbeidde i musikalar. I 1990-åra arbeidde ho i det moderne, klassiske koret The Shout.[1]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

(La Cooka Ratcha)[2]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Carol Grimes». AllMusic. Henta 17. november 2019. 
  2. «Carol Grimes | Album Diskografi». AllMusic. Henta 17. november 2019. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]