Cethlenn (også Caitlín, Céthlionn, Cathlionn, Kethlenda, Kehlen) er i irsk mytologi tidvis nemnd som kona til Balor. Ho hadde tilnamnet 'kroktann'.[1] Dei hadde dottera Ethlinn saman. Dei høyrde til ei gruppe kjempestore mytiske skapningar som vart kalla fomoire (Fomorians).
I slaget ved Magh Tuireadh såra ho Dagda med eit spyd.[2]
Byen Enniskillen er oppkalla etter henne; det irske namnet Inis Ceithleann tyder Cethlenns øy.[3] Lokale segn seier at Cethlenn blei skadd av ei pil i kamp og prøvde å symja over elva Erne. Ho kom ikkje over, så øya i midten fekk namn etter henne.