Chaconne des Scaramouche frå Le Bourgeois Gentilhomme av Jean-Baptiste LullyCiaccona frå Johann Sebastian Bach sitt Partita for fiolin nr. 2Chaconnedansarar. Koparstikk av H. Fletcher frå Kellom Tomlinson si The Art of Dancing, 1735. Victoria and Albert Museum i London i England.
Chaconne (fransk, spanskchacona, frå baskiskchocuna, 'lystig') er ein spanskfolkedans frå 1500-talet, nært i slekt med passacaglia. Det italienske omgrepet ciaccona vert ofte brukt, og andre skrivemåtar som ciacona, chiaccona, ciaconia og liknande finst òg.
Chaconnen var opphavleg ein hurtig dans som oppstod i spansk folkekultur på slutten av 1500-talet. Dansen vart utført med erotiske rørsler og sunge med spottande tekstar.[1] I følgje Curt Sachs er chaconnen av latinamerikansk opphav og og med ein sanseleg, vill og tøyleslaus karakter.
I kunstmusikken er chaconnen ei ostinat musikkform med variasjonar over eit gjentatt harmoniskjema på fire til åtte takter.
Chaconnen var stort sett berre i vanleg bruk i barokken, men vart delvis teken fram igjen på 1800-talet. ein av dei største romantiske symfoniske chaconnane er sluttsatsen i symfoni nr 4 i e-moll op. 98 av Brahms. Det vakre temaet er med små forandringar henta frå Bach-kantatenNach dir, Herr, verlanget mich BWV 150. Temaet vert presentert av blåsarane og utvikla i over 30 variasjonar med temaet tilstades i bassinstrumenta nesten heile tida.
På 1800-talet og tidleg 1900-tal skilte ein del teoretikarar mellom passacaglia og chaconne ved å bruke chaconne om eit sett av variasjonar over eit harmoniskjema, men passacaglia vart definert som eit sett av variasjonar over ein bassmelodi.[2] Skiljet er tilfeldig fordi andre samtidige teoretikarar snur skiljet på hovudet,[3] og dessuten har ikkje skiljet vore klart i musikkhistoria.[4] Nokre gonger vert dei kombinerte i ein enkelt komposisjon , som i Cento partite sopra passacaglia av Girolamo Frescobaldi, og den første suiten i Les Nations (1726) og i Pièces de Violes (1728) av François Couperin.[5]
Gustav Holst: Chaconne frå First Suite in Eb for Military Band (ifølge ein skribent teknisk sett ein passacaglia, men i følgje andre teknisk sett ein chaconne)[6]
Marin Marais: Chaconne i G-dur for to gamber og continuo, no. 47 frå Première Livre de pièces de violes (1686–89)
Marin Marais: Chaconne frå suite no. 1 i C-dur i Pièces en trio pour les flûtes, violon, et dessus de violes (1692)
Marin Marais: Chaconne frå Suitte d'un goût Etranger, frå Quatrième Livre dei Pièces à une et à trois violes (1717)
Claudio Monteverdi: Zefiro Torna frå Scherzi musicali cioè arie et madrigali (Venice, 1632) eit tidleg døme på vokalmusikk sunge til ein akkompagnerande chaconne.
Carl Nielsen: Chaconne, op. 32, for piano (1916–17)
Basert på tysk og engelsk Wikipedia 28. februar 2009
Fotnotar
↑Alexander Silbiger, «Chaconne», The New Grove Dictionary of Music and Musicians, red. S. Sadie and J. Tyrrell (London: Macmillan, 2001)
↑Percy Goetschius, The Larger Forms of Musical Composition: An Exhaustive Explanation of the Variations, Rondos, and Sonata Designs, for the General Student of Musical Analysis, and for the Special Student of Structural Composition ([New York]: G. Schirmer, 1915), 29 og 40
↑Lucas, Clarence Lucas, 1908. The Story of Musical Form (The Music Story Series, edited by Frederick J. Crowest. London: The Walter Scott Publishing Co., Ltd.; New York: Charles Scribner's Sons, 1908), 203
↑«modern attempts to arrive at a clear distinction are arbitrary and historically unfounded». Manfred Bukofzer, Music in the Baroque Era (New York: Norton, 1947), 42
↑Budd Udell, «Standard Works for Band: Gustav Holst's First Suite in E♭ Major for Military Band». Music Educators Journal 69, no. 4 (1982):28 (JSTOR subscription access); Pam Hurry, Mark Phillips, and Mark Richards, Heinemann Advanced Music (Oxford: Heinemann Educational Publishers, 2001. ISBN 0-435-81258-0): 238; Clarence Lucas, The Story of Musical Form (The Music Story Series, edited by Frederick J. Crowest. London: The Walter Scott Publishing Co., Ltd.; New York: Charles Scribner’s Sons, 1908): 203.