The Chanter Sisters bestod av Irene og Doreen Chanter, to systrer som song i lag som ein duett og som korsongarar for andre. Dei gav ut ei rekkje singlar og tre album i 1970-åra.
The Chanter Sisters, Irene and Doreen, byrja å synge i lag i ei familiegruppe kalla the Chanters i lag med fleire av brørne sine.
Systrene gjekk så vidare for seg sjølv, og spelte først inn under namnet Birds of a Feather, og så som The Chanter Sisters, og det er under sistnemnde dei fekk den einaste hitten sin på UK Singles Chart, «Sideshow», som kom ut i juli 1976 og nådde 43. plassen på lista.[1]
Systrene hadde langt større suksess som korvokalistar for andre artistar. Dei song mellom andre med Elton John, Long John Baldry, Phil Manzanera, Roxy Music, John Miles, The Secret Policeman's Ball, Van Morrison, Roger Waters, Meat Loaf, Joe Cocker og mange andre kjende namn. Dei spelte òg nokre skulejenter i skrekkfilmen Twins of Evil i 1971.
Sjølv om systrene ofte har arbeidd i lag, har Doreen vore langt meir aktiv, men systrene har fortsett å syngje i lag, mellom anna for Chris Farlowe så seint som i 2003.