Chas Chandler | |||
| |||
Fødd | 18. desember 1938 i Newcastle-upon-Tyne | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Heaton | ||
Død | 17. juli 1996 (57 år) (57 år) | ||
Dødsstad | Newcastle upon Tyne | ||
Fødenamn | Bryan James Chandler | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1957–1996 | ||
Sjanger | R&B, psykedelisk rock | ||
Instrument | Bass | ||
Tilknytte artistar | The Animals, The Jimi Hendrix Experience, Soft Machine, Slade | ||
Verka som | Musikar, produsent og manager |
Bryan James «Chas» Chandler (18. desember 1938–17. juli 1996) var ein engelsk musikar, plateprodusent og manager for fleire musikarar.
Han byrja karrieren sin som bassgitarist i ein trio med Alan Price. Etter at vokalist Eric Burdon kom med i gruppa kalla dei seg The Animals og vart eit populært R&B-band. Dei mest kjende basslinjene til Chandler er opningsriffa på hittane «We Gotta Get Out of This Place» og «It's My Life». Chandler var òg korvokalist i gruppa.
Etter at gruppa vart oppløyst seint i 1966, vart Chandler manager for Jimi Hendrix, førte han til England og rekrutterte musikarar som danna The Jimi Hendrix Experience. Han produserte òg dei to første albuma hans, og var personen som introduserte Hendrix for Eric Clapton. Det var gjennom dette møtet at Hendrix fekk spele med Clapton og Cream.[1]
Chandler vart sidan manager og produsent for det engelske rockebandet Slade[2] i 12 år. I denne perioden fekk ande sju førsteplassar på den britiske singellista. I denne perioden kjøpte Chandler IBC Studios som han gav namnet Portland Recording Studios. Han styrte studioet i fire år før han selde det til Don Arden. Chandler styrte òg ei rekkje plateselskap frå studioa, som Barn Records[2] og Six of the Best, og danna eit musikkforlag og produksjonsselskap.[2] I 1977 spelte Chandler i gjen med The Animals under ei kort gjenforeining, og vart igjen med dei i 1983.[2]
Chandler døydde av hjarteproblem i juli 1996, berre dagar etter sin siste konsert.
Studioalbum | Are You Experienced • Axis: Bold as Love • Electric Ladyland • The Cry of Love • Rainbow Bridge • War Heroes • Loose Ends • Crash Landing • Midnight Lightning • Nine to the Universe • Valleys of Neptune |
---|---|
Konsertalbum | Band of Gypsys • Historic Performances Recorded at the Monterey International Pop Festival • Experience • Isle of Wight • Hendrix in the West • More Experience • The Jimi Hendrix Concerts • Jimi Plays Monterey • Johnny B. Goode • Band of Gypsys 2 • Live at Winterland • Bleeding Heart • Woodstock • Live at the Fillmore East • Live at Woodstock • Blue Wild Angel: Live at the Isle of Wight • The Last Experience • Live at Berkeley • Live at Monterey |