Cherry, Cherry Singel av Neil Diamond frå albumet The Feel of Neil Diamond | ||
B-side |
«I'll Come Running» | |
---|---|---|
Utgjeve | Juli 1966[1] | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 2:39 | |
Selskap | Bang | |
Låtskrivar(ar) | Neil Diamond | |
Produsent | Jeff Barry og Ellie Greenwich | |
Neil Diamond-kronologi | ||
«Solitary Man» (1966) |
Cherry, Cherry | «I Got the Feelin' (Oh No, No)» (1966)
|
«Cherry, Cherry» er ein song skriven og innspelt av Neil Diamond. Songen vart arrangert av Artie Butler og produsert av Jeff Barry og Ellie Greenwich. Han vart gjeven ut på singel i 1966 og vart den første store hitten til Diamond,[1][2] med ein sjetteplass på både Billboard Hot 100 chart,[2] i oktober 1966,[1] og Cash Box-lista. Singelen skal ha selt over 1 million eksemplar verda over. Ellie Greenwich kom oppmed refrenget og kan høyrast på korvokal.
I 1973 vart eit konsertopptak av «Cherry, Cherry» gjeve ut på singel frå konsertalbumet Hot August Night (1972). Denne versjonen nådde 24. plass på Cash Box-lista og 31. plass på Billboard Hot 100-lista.[2]
Rolling Stone omtalte sidan «Cherry, Cherry» som «ein av dei beste tre-akkordssongane gjennom tidene».[3]
Studiogitaristen Al Gorgoni (som seinare spelte på «The Sound of Silence» av Simon & Garfunkel og «Brown Eyed Girl» av Van Morrison) spelte på songen.
Det er gjeve ut to versjonar av «Cherry, Cherry». Den mest kjende versjonen vart gjeven ut av Bang Records i 1966. Den andre verdsjonen, med forskjellig tekst og opphavleg meint som singel, vart etter kvart gjeve ut av Diamond og Sony Music Entertainment i 1996 på samlealbumet In My Lifetime.
Singlane til Neil Diamond | |
---|---|
1960-åra | 1962: «You Are My Love at Last» · «I'm Afraid» 1963: «At Night» |
1970-åra | 1970: «Shilo» · «Until It's Time for You to Go» · «Soolaimon» · «And The Grass Won't Pay No Mind» · «Solitary Man» · «Cracklin' Rosie» · «He Ain't Heavy, He's My Brother» · «Do It» 1971: «I Am...I Said» · «Done Too Soon» · «I'm a Believer» · «Stones» |
1980-åra | 1980: «That Kind» · «The Good Lord Loves You» · «Dancing in the Street» · «Love on the Rocks» 1981: «Hello Again» · «America» · «Yesterday's Songs» |