Crocodile Rock Singel av Elton John frå albumet Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player | ||
B-side |
«Elderberry Wine» | |
---|---|---|
Utgjeve | 27. oktober 1972 (UK) 20. november 1972 (US) | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:23 | |
Selskap | MCA (US) DJM (UK) | |
Tekstforfattar | Bernie Taupin | |
Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
Elton John-kronologi | ||
«Honky Cat» (1972) |
Crocodile Rock | «Daniel» (1973)
|
«Crocodile Rock» er ein song skriven av Elton John og Bernie Taupin, og spelt inn i juni 1972 i Strawberry Studios i Château d'Hérouville i Frankrike. Han vart gjeven ut som singel den 27. oktober 1972 i Storbritannia og 20. november 1972 i USA før albumet Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player kom ut i 1973. Det var den første singelen hans som gjekk til topps i USA, noko han klarte den 3. februar 1973. Singelen vart liggande på topps i tre veker og selde til gull seinare på året. I 1995 hadde singelen seld til platina.[1]
Singelen nådde òg toppen i Canada og låg øvst på lista i fire veker.[2]
«Crocodile Rock» er dominert av eit Farfisa orgel, spelt av John med ein karinvalliknande lyd og honky-tonk-rytme. Teksten tar eit nostalgisk tilbakeblikk på tidleg rock 'n' roll, og eit forhold til ei kvinne som heiter Suzie. Songen har likskap til fleire songar frå slutten av 1950-åra og tidleg i 1960-åra, mellom andre Del Shannon sin «Cry Myself to Sleep» frå 1962 og «Little Darlin'», som vart spelt inn i 1957 av The Diamonds. Refrenget minnar om «Speedy Gonzales» av Pat Boone.
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Andre artistar som har spelt inn songen er Teddy Robin frå Hong Kong, Ervinna frå Singapore, The Beach Boys, Alvin and the Chipmunks og Baha Men.
Crocodile Rock er ein av songane i videospelet Lego Rock Band.
Nelly Furtado og John sjølv song inn songen 2010 for filmen Gnomeo and Juliet, som kom ut i 2011.