Cutler Stack | |||
holme | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Sør-Shetlandsøyane | ||
Del av | Sør-Shetlandsøyane | ||
Topp | Livingston Island | ||
- koordinatar | 62°36′44.5″S 60°58′51.5″W / 62.612361°S 60.980972°W | ||
Høgaste punkt | |||
• høgd | 16 moh. | ||
Lengd | 0,17 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Cutler Stack 62°36′44″S 60°58′51″W / 62.61236111°S 60.98097222°W | |||
Plasseringa til Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Cutler Stack er ein holme som strekkjer seg 170 gonger 150 meter og med ei høgd opp mot 16 moh, utanfor Nedelya Point sør for Barclay Bay vest på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Området vart vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar.
Holmen er kalla opp etter kaptein Benjamin Cutler, deleigar av den amerikanske briggen «Frederick» som vitja området i 1820-21, o kaptein på selfangsskuta «Free Gift» som vitja området i 1821-22. Namnet hans finst innskoren på eit kvalbein som vart grave ut frå ei stein hytte på Byers Peninsula av ei gruppe frå FIDS i 1957-58.
Cutler Stack ligg 300 meter nord-nordvest for Nedelya Point, 2,8 km aust-nordaust for Lair Point og 4,72 km sørvest for Rowe Point.