Dagbrot ved Garzweiler i nærleiken av Köln i Tyskland for å take ut brunkol, ei brensle som forureinar særs mykje. Slike enorme brunkol-dagbrot er det fleire av på kontinentet.

Dagbrot er nemninga på slike uttak av malm og andre mineral, nyttbare steinsortar, kol, (særleg brunkol), steinsalt osb. som kan gjerast ved å grave frå terrengoverflata, altså utan å gå ned eller inn i berget eller under jorda i tunnelar. Motsetnaden til dagbrot er gruve, som er nemninga når ein må inn i berget gjennom sjakter (loddrette eller særs steile gruvegangar) eller stollar (horisontale eller svakt skrånande gruvegangar) for å få ut materialet ein skal nytte.

Eit særs stort dagbrot her i landet ligg i Sør-Varanger i Finnmark for uttak av jarnmalm.

Kjelder

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.