Dagursk
Klassifisering Mongolsk
Bruk
Tala i Kina, Mongolia
Område Indre Mongolia, Hailar distrist; Heilongjiang provins, Qiqihar prefektur; Xinjiang, Tacheng prefektur
Dagursktalande i alt 96 000
Skriftsystem Latinsk skrift, mongolsk skrift (historisk)
Språkkodar
ISO 639-3 dta
Glottolog daur1238

Dagursk eller daur er eit mongolsk språk. Språket vert snakka av den etniske gruppa daur. Dagursk er inndelt i fire dialektar: amur-dagursk i nærleiken av byen Heia, nonni-dagursk på vestsida av Nonnielva frå Qiqihar i sør til Morin Dawa Daur-banneret i nord, Hailar-dagursk søraust for bydistriktet Hailar og ein fjerde dialekt i nærleiken av byfylket Tacheng i Xinjiang.

Halvparten av vokabularet i dagursk er mongolske arveord, medan oppunder ein tidel er lånord frå kinesisk[1] og ein tidel stammar frå mandsjuisk. Dagursk har også lånord frå evenkisk og russisk, og omtrent ein femdel av vokabularet har ikkje etymologi utanfor dagursk.[2]

Under Qing-dynastiet (1644–1912) vart dagursk skrive med det mandsjuriske alfabetet.[3] Dagursk har ikkje ein standardisert ortografi. Daurfolket brukar mongolsk og kinesisk skrift, sidan dei fleste talarane også kan desse språka.[4]

Kjelder

Referansar

  1. Sengge 2004b
  2. Tsumagari 2003: 151-152
  3. Engkebatu 2001
  4. Tsumagari 2003: 129

Bibliografi