Dale Bozzio

Fødd2. mars 1955 (69 år)
FødestadMedford i Massachusetts
FødenamnDale Frances Consalvi
OpphavUSA
Aktiv1976 til i dag
SjangerRock, new wave, synthpop
InstrumentVokal
Tilknytte artistarFrank Zappa, Missing Persons, Prince, Missing Persons med Dale Bozzio
Verka somSongar

Dale Frances Bozzio (fødd 2. mars 1955 som Consalvi) er ein amerikansk progressiv rock- og new wave-vokalist. Ho er mest kjend for å ha vore med å starte og vere songar i 80-talsbandet Missing Persons, og for arbeidet sitt med Frank Zappa. I solokarrieren hennar gav ho ut tre album og ein EP. Med Zappa spelte ho store reoller i to av dei største verka hans, Joe's Garage og Thing-Fish.

Bozzio starta Missing Persons i 1980 i lag med dei tidlegare Zappa-musikarane Warren Cuccurullo og Terry Bozzio (ektemannen frå 1979 til 1986). I tillegg til å vere songar i bandet, skreiv ho òg ein del av tekstane. Missing Persons gav ut ein EP og seks album, inkludert Spring Session M, som selde til gullplate.

Etter at Missing Persons vart oppløyst i 1986, signerte Bozzio kontrakt med plateselskapet til Prince, Paisley Park, der ho gav ut det første soloalbumet sitt, Riot In English. Den første singelen frå albumet, «Simon Simon», gjekk inn på singellista i USA. Bozzio starta opp att Missing Persons og held fram å spele songar frå bandet i USA. Ho har òg tidvis delteke i samankomstar med det originale bandet og samstundes halde på som soloartist. I 2014 fekk Bozzio kontrakt med Cleopatra Records og gav ut det nye studioalbumet Missing In Action. [1]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Med Frank Zappa

[endre | endre wikiteksten]

Med Missing Persons

[endre | endre wikiteksten]

Soloplater

[endre | endre wikiteksten]

Filmar og videoar

[endre | endre wikiteksten]

Fimlar

[endre | endre wikiteksten]

Videoar

[endre | endre wikiteksten]

Missing Persons

[endre | endre wikiteksten]

Med Frank Sinatra

[endre | endre wikiteksten]

Solo

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 8. september 2015, henta 21. august 2014 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]