Dalilah Muhammad


Statsborgarskap USA
Fødd 7. februar 1990 (34 år)
New York by
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2016 – 400 meter hekk kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 400 meter hekk kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 4 × 400 meter stafett kvinner

Dalilah Muhammad (fødd 7. februar 1990) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå New York City som vart olympisk meister i 400 meter hekk under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro og verdsmeister i same øvinga i Doha i 2019. I tillegg har ho vunne VM-gull 2019 og OL 2021 i 4 x 400 meter stafett.

Aktiv

[endre | endre wikiteksten]

Muhammad sette personleg rekord med 53,83 sekundar då ho i 2013 vart USA-meister i Des Moines. Under VM i Moskva tok ho sølvmedaljen framfor landskvinna Lashinda Demus, begge fullstendig parkert av tsjekkiske Zuzana Hejnová.

Etter eit par sesongar med svakare prestasjonar, vann Muhammad i Eugene den USA-amerikanske meisterskapen på sterke 52,88 sekundar. Mindre enn to månader seinare sikra ho seg gullmedaljen i 400 meter hekk under Sommar-OL i Rio de Janeiro. 23. juni 2017 forsvarte Muhammad i Sacramento den nasjonale meistertittelen på langhekken med den glitrande tida 52,64. Ho var favoritt til å vinne VM-gull i London, men vart der klart slått av landskvinna Kori Carter.

I VM-finalen på langhekken i Doha 2. oktober 2019 sette Muhammad verdsrekord med tida 52.16, sterkt pressa av landskvinna Sydney McLaughlin. To dagar seinare sprang dei to kvar sin etappe for USA-mannskapet som vann gull i 4 x 400 m stafett. 4. august 2021 kjempa dei same to utøvarane om sigeren på 400 meter hekk under Sommar-OL i Tokyo, McLaughlin forbetra verdsrekorden til 51,46 sekundar, også Muhammad på andreplass presterte livsbeste med sine 51,58. I OL-finalen i 4 x 400 m stafett sprang McLaughlin og Muhammad på ny USA inn til gull.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]