Portrett og namnetrekket til den amerikanske forleggaren Daniel Appleton.
Daniel i løvehola. Utskjering i eit fransk kloster frå 1100-talet.

Daniel eit mannsnamn, frå hebraisk med tydinga 'Gud er min dommar'. Namnet er kjend frå Det gamle testamentet, særleg Daniels bok, og er eit utbreidd jødisk, kristent og muslimsk namn. Det er også eit etternamn, og har gjeve patronym som Daniels og Danielsen. Daniel har namnedag i Noreg den 11. desember.

Namneformer

Den hebraiske forma av namnet er דָּנִיֵּאל, uttalt Dāniyyêl (moderne Daniyyel). Den arabiske forma av namnet er Danyal og den persiske Dâniyal. Ei italiensk form er Daniele, ei anna Danilo, som også finst i Brasil og tidlegare Jugoslavia.

Ei utbreidd kortform av namnet er Dan, ei anna er Danny.

Kvinnelege former av namnet er Dani, Danitza, Danielle og Daniella.

Bruken av namnet i Noreg

Namnet har tradisjonelt vore mykje bruka i Noreg, men bruken gjekk jamt attende utover 1900-talet inntil han fekk eit kraftig oppsving i 1990-åra.

Kjende namneberarar

Daniel som bibelsk namn

Bakgrunnsstoff

Kjelder