Dansk Vestindien
Dansk Vestindia
Dansk koloni

1672–1917

Flagget til Dansk Vestindia

Flagget til Danmark

Plasseringa til Dansk Vestindia
Plasseringa til Dansk Vestindia
Hovudstad Charlotte Amalie*
Poltisk struktur Koloni
Historie
 - Danskar oppretta den første permanente busetjinga på St. Thomas 1666
 - Oppretta 1672
 - St. Jan vart annektert 1718
 - St. Croix kjøpt frå Frankrike 1733
 - Seld til USA 31. mars 1917
Areal
 - 1901 346,36 km²
Innbyggjarar
 - 1901 est. 31 400 
     Folketettleik 90,7 /km² 
Valuta Den latinske myntunionen
I dag ein del av Dei amerikanske Jomfruøyane
* I tida 1754-1871 var Christiansted hovudstad

Dansk Vestindia var ein tidlegare dansk koloni i Karibia som omfatta øyane St. Thomas, St. Jan og St. Croix. Det danske selskapet Vestindisk-guineisk Kompagni annekterte dei to øyane St. Thomas i 1672 og St. Jan i 1718. I 1733 vart St. Croix kjøpt frå Det franske vestindiske kompaniet. Dei tre øyane vart i 1754 selde til kongen av Danmark-Noreg. Dansk Vestindia var okkupert av Storbritannia i tida 1802 – 1803 og 1807 – 1815. Øyane vart reine danske koloniar etter at Danmark og Noreg skilde lag i 1814.

Målet med den danske koloniseringa i Vestindia var å utnytte den lønsame trekanthandelen, som gjekk ut på å eksportere skytevåpen og andre industrivarer til Afrika i byte mot slavar, som så vart frakta til øyane i Vestindia som arbeidskraft på sukkerplantasjane. Sluttetappen i trekanten var frakt av sukker til heimlandet. Økonomien i Dansk Vestindia var fullstendig basert på slaveri. Etter slaveriet vart avskaffa i 1848 gjekk Dansk Vestindia inn i ein økonomisk nedgangsperiode og i 1852 vart eit sal av Dansk Vestindia første gong debattert i Folketinget.

Danmark prøvde ved fleire høve å få seld eller bytta bort Dansk Vestindia på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, til høvesvis USA og Det tyske forbundet. Øyane vart til slutt seld til USA for 25 millionar dollar, som overtok administrasjonen 31. mars 1917 og gav dei namnet Dei amerikanske jomfruøyane (engelsk: U.S. Virgin Islands).

Tidsline

Sjå òg

Litteratur

Bakgrunnsstoff