Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Datanett er eit nettverk av fleire datamaskinar eller andre einingar, som er kopla saman med pakkesvitsja nett, realiserte med ei blanding av ulike teknologiar, som til dømes Ethernet, ATM, optisk fiber eller radiosamband (trådlaust nett). Datanett kan klassifiserast etter ulike kriterium.

Topologi

Små nett har ofte ein enkel toplogi, som stjernetopologi, ringtopologi, medan store nett ofte har ein komplisert topologi, med fleire alternative vegar, både for å auka kapasiteten og for å gjera nettet mindre følsamt for feil. Nett som bind saman prosessorar og minne i superdatamaskinar har ofte ein regulær topologi, som rektangular, tretoplogi, eller ei eller anna form for multitrinnnett.

Fysisk utstrekning

Ulike bruksområde

Datanett vert nytta for mange ulike oppgåver og sjølv om det dei har mange fellestrekk vert dei ulike typane i stor grad tilpassa bruksområdet, både på fysisk nivå og på protokollnivå. Dei ulike netta vert kopla saman med omsetjarar som konverterer dei ulike fysiske signala og protokollane slik at dei kan kommunisere med kvarandre.

Fysisk samband

Elektrisk kabel

Mange nett kommuniserer over elektrisk kabel, der dei mest vanlege typane er tvinna parkabel, som vert nytta til dømes for Ethernett og koaksialkabel, som vert nytta for å kommunisere over lengre avstandar, men parallell parkabel er òg framleis i bruk der det er for dyrt å bytta han ut.

Optisk fiber

Optisk fiber har stor kapasitet og kan nyttast over lange avstandar og vert typisk nytta som stamnett mellom byar og for undervasskabel. Etter som prisen har gått ned vert det meir vanleg å nytte optisk kabel for kortare strekningar, som til dømes mellom nettsentralar (ofte samanfallande med telefonsentralar) og dei einskilde abonnentane. Optisk fiber vert òg nytta i brann- og eksplosjonsfarlege miljø, etter som det ikkje er fare for gneistar.

Radiosamband

Radiosamband vert nytta i trådlause lokalnett, men òg for mindre stamnett der det er vanskeleg å leggje kabel, som til dømes i område med fjordar og fjell.

Protokollar

I tillegg til fysisk kommunikasjon (kabel, optisk fiber, radio) har datanett fleire lag med protokollar, som er standardar som fastset korleis informasjonen som skal overførast skal pakkast, korleis dei ulike einingane skal kommunisere med kvarandre, korleis dataflyten skal handsamast, og så bortetter. ISO har definert ein 7-lags referansemodell[1], kalla OSI-modellen, men praktiske nett skil seg noko frå denne referansen.

Kjelder

  1. Tanenbaum, A.S., Day, W. og Waller, S., Computer Networks, Prentice Hall, 2002.

Sjå òg