David Watson
Personleg informasjon
Fullt namn David Vernon Watson[1]
Posisjon Midtstoppar
Ungdomsklubbar
Stapleford O.B
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1966–1967 Notts County 25 (1)
1967–1970 Rotherham United 121 (19)
1970–1975 Sunderland 177 (27)
1975–1979 Manchester City 146 (4)
1979 Werder Bremen 2 (0)
1979–1982 Southampton 73 (7)
1982–1983 Stoke City 59 (5)
1983 Vancouver Whitecaps 26 (3)
1983–1984 Derby County 34 (1)
1984 Fort Lauderdale Sun
1984–1985 Notts County 25 (1)
1985–1986 Kettering Town 10 (3)
Totalt 698 (71)
Landslag
1974–1982 England 65 (4)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

David Vernon Watson (fødd 5. oktober 1946) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Stapleford. Han var midtstoppar, sterk på hovudet og i duellspel. Watson spelte mellom andre på Sunderland AFC, Manchester City og Southampton FC. Han vann 65 kampar med det engelske herrelandslaget, og var kaptein ved tre høve.[1]

Karriere

[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel

[endre | endre wikiteksten]

Watson gjorde i tida 1966-86 teneste i 11 ulike fotballklubbar. Han utmerkte seg i Rotherham United og vart i desember 1970 overført til Sunderland i 2. divisjon. 5. mai 1973 bidrog han til at Sunderland vann FA-cupfinalen med 1-0 over storfavoritt Leeds United. Sommaren 1975 skreiv han kontrakt med Manchester City, her var han med å vinne ligacupfinalen 1976 med 2-1 over Newcastle United. 1979-82 spelte han mange gode kampar for Southampton FC. Han la opp etter 810 klubbkampar og 80 skåringar.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Watson spelte 65 landskampar for England i tida frå april 1974 til juni 1982. Han debuterte i Lisboa og avslutta i Reykjavik, begge desse kampane enda uavgjort. Watson deltok i alle England-kampane under EM i fotball 1980, der laget rauk ut i gruppespelet. 10. september 1980 hadde han ein roleg kveld då Noregs utvalde vart slått 4-0 på Wembley stadion i ein kvalifiseringskamp til VM i fotball 1982. Watson skåra fire landslagsmål, to mot Nord-Irland og to mot Bulgaria, fordelt på fire ulike kampar i 1979.

Merittar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Matthews, Tony (1994). The Encyclopaedia of Stoke City. Lion Press. ISBN 0-9524151-0-0.