Dax | |
---|---|
Domkyrkja i Dax | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Nouvelle-Aquitaine Landes |
Geografi | |
Flatevidd | 19,7 km² |
Flatevidd - By |
20 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
19 515 991/km² |
Koordinatar | 43°42′0″N 01°03′58″W / 43.70000°N 1.06611°W |
Høgd over havet | 9 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 40100 |
Heimeside: www.dax.fr |
Dax er ein by og kommune i sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Landes, som ligg i regionen Nouvelle-Aquitaine. Byen har om lag 20 000 innbyggjarar, og ligg ved elva Adour.
Byen er kjend for kurbadet som finst her. Kurbadet har spesialisert på gjørmehandsaming av revmatisme og liknande sjukdomar.
Byen er òg ein kjøpstad og eit travelt lokalt sentrum for Chalosse-området, og var tidlegare eit bispesete.
Byen vart grunnlagd av romarane, og skal visstnok ha vorte vitja av Julia, dottera til keisar Augustus.