Dean Menta | |||
Fødd | 23. juli 1966 (58 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1995 | ||
Sjanger | Alternativ metal | ||
Instrument | Gitarist | ||
Tilknytte artistar | DUH, Faith No More, Sparks | ||
Verka som | Musikar |
Dean Menta (fødd 23. juli 1966)[1] er ein USA-amerikansk musikar og komponist.[2]
I 1995 vart Dean Menta involvert i bandet DUH og var med på det andre albumet deira The Unholy Handjob. Menta vart så gitarist for rockebandet Faith No More frå 1995 til 1996. Han hadde vore keyboard-teknikar for bandet og hadde først møtt dei i 1991, edan han arbeidde i eit kunstgalleri i San Francisco.[1] Menta vart henta inn for å spele gitar etter at Trey Spruance nekta å turnere for albumet King for a Day... Fool for a Lifetime. Han er med i vidoeane for «Digging the Grave», «Ricochet» og «Evidence».[3] Han vart erstatta som Faith No More-gitarist av Jon Hudson.
Etter han slutta i Faith No More, har Menta spelt med Sparks. Han medverka på følgjande Sparksk-album: Plagiarism (1997), Lil' Beethoven (2002), Hello Young Lovers (2006), Exotic Creatures of the Deep (2008), The Seduction of Ingmar Bergman (2009) og Hippopotamus (2017).
Menta arbeidar i dag hovudsakleg i fjernsyn og film som musikkredaktør, komponist og lyddesigner.[4] Menta har òg komponert musikk for fleire videospel,[5] mellom anna Jak X: Combat Racing, i samarbeid med Billy Howerdel frå A Perfect Circle.