«Deck the Halls» eller «Deck the Hall» (som er den originale tittelen) er ein tradisjonell britisk julesong. Melodien er frå Wales og går attende til 1500-talet, og kjem frå vintersongen «Nos Galan».
Den engelske teksten kom først ut i andre bindet av Welsh Melodies (framleis kalla «Nos Galan»), ei samling på fire bind skriven av John Thomas med walisisk tekst av John Jones (Talhaiarn) og engelsk tekst av den skotske musikaren Thomas Oliphant,[1] sjølv om «fa la la» går attende til den originale walisiske «Nos Galan» og kan ha kome frå ein mellomalderballade.[2] Songen har ei AABA-form.[3] Serien Welsh Melodies kom i fire bind, dei første to i 1862, det tredje i 1870 og det fjerde i 1874.
Melodien «Deck the Hall» er den same som for «Nos Galan» («Nyårsaftan»), ein tradisjonell walisisk nyårssong publisert i 1794, men som kan vere mykje eldre. Den walisiske og engelske teksten er:[4]
Den moderne teksten og melodien til «Deck the Hall» finn ein i The Song Book redigert av John Hullah og første gong publisert i 1866.[1] Teksten vert tilskriven Thomas Oliphant, omsett frå den walisiske teksten til Talhaiarn.