Decorah | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Areal | 18,494081 km² | ||
Folketal | 7 587 (1. april 2020)[1] | ||
Decorah 43°18′06″N 91°47′25″W / 43.3017°N 91.7903°W | |||
Wikimedia Commons: Decorah, Iowa |
Decorah er ein by i Winneshiek County i Iowa i USA.[2] Ved folketeljinga i 2010 hadde byen 8127 innbyggjarar.[3]
Staden var opphavleg folkesett av winnebagofolk, som hadde ei busetjing her rundt 1840. I 1848 blei desse folka flytta av dei amerikanske styresmaktene til eit nytt reservat i Minnesota, og landsbyane deira i Iowa blei opna for europeisk-ætta nybuggjarar. På 1850- og 1860-talet auka innbyggjartalet kraftog på grunn av slike tilflyttarar. Mange av desse var norsk-amerikanarar, og byen har sidan hatt ei viktig stilling i norsk-amerikansk kultur
Tidleg i juli husar Decorah Nordic Fest, ei feiring av norsk kultur med folkedans, mat og musikk. Decorah er òg heimstad for Vesterheim Norwegian-American Museum. Fram til 1972 vart Decorah Posten, ei av dei største norskspråklege avisene i USA, gjeven ut her.