Eesti Nõukogude Sotsialistlik Vabariik
Эстонская Советская Социалистическая Республика
Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken
Marionettstat, så annektert som ein SSR

1940–1991
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Motto
"Kõigi maade proletaarlased, ühinege!"
(«Proletarar i alle land, samein dykk!»)
Nasjonalsong
«Jää kestma, Kalevite kange rahvas»
Plasseringa til Estisk SSR
Plasseringa til Estisk SSR
Hovudstad Tallinn
Språk Russisk (de jure)
Estisk (de facto)
Styreform Sovjetrepublikk
 - 1986-1991 Karl Vaino
Historie
 - Oppretta 21. juli 1940
 - Opphøyrde 20. august 1991
Areal
 - 1991 45 227 km²
Innbyggjarar
 - 1991 est. 1 565 662 
     Folketettleik 34,6 /km² 
Valuta Rubel (SUR)

Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken var ein delrepublikk i Sovjetunionen frå 1940–1991. Delrepublikken vart proklamert etter at Sovjet okkuperte Estland i 1940. Under okkupasjonen vart den estiske byen Petseri og Petseri fylke annektert i 1944 og lagt inn under Pskov oblast. Hovudstaden i republikken var Tallinn, som i dag er hovudstaden i Estland.

Industri

Den estiske sovjetrepublikken var eit lite senter for lettindustri og ferdigprodusering av metall frå resten av Sovjetunionen, då Estland er fattig på mineralressursar. Mindre industri fanst i byen Narva ved den russiske grensa. Her vart det utvunne oljeskifer, som seinare vart smelta for å utvinna olje.