Devilsbreen | |||
isbre | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 86°23′S 165°0′W / 86.383°S 165.000°W | ||
Lengd | 32 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Devilsbreen 86°23′00″S 165°00′00″W / 86.3833°S 165°W | |||
Devilsbreen er ein isbre med mange bresprekkar ved kanten av polarplatået. Han er kring 32 km lang og 13 km brei, og drenerer den sørlege delen av Mohn Basin og flyt nordaust og ut i den øvre delen av Amundsenbreen like nord for fjellgruppa som består av Mount Wisting, Hassel, Bjaaland og Prestrud.
Isbreen vart møtt av Roald Amundsen og gruppa hans på veg til Sørpolen i 1911 og vart namngjeven av dei for å skildre dei særs vanskeleg forholda for slede i området. Ruta til Amundsen sørover, mellom 168°W og 169°W, tok gruppa til den øvre, eller vestlege, delen av breen.[1]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Devilsbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).