Medlemmer av Moscow Helsinki Group: Julija Visjnevskja, Ljudmila Aleksejeva, Dina Kaminskaja og Kronid Lyubarsky i 1978

Dissident (frå engelsk, av latin dissidere, 'å vera ueinig' eller 'å avvika')[1] viser til ein person som har ein anna oppfatning og/eller motarbeider den etablerte politikken, læra eller strukturen i eit samfunn eller ein stat. Dissidentar blir ofte verande i landet i staden for å forlata det og gå i eksil.

Omgrepet kan visa til ein person som strir mot ei rådande religiøs oppfatting. I Polen i reformasjonstida viste det til kyrkjesamfunn utanfor den katolske kyrkja sin universalitet. Striden mellom katolikkane og dissidentane var med på å bidra til oppløysinga av det polske riket.[2]

I Sovjetunionen var Andrej Sakharov og Aleksandr Solzjenitsyn døme på dissidenter, og i Kina har Wei Jingsheng og Liu Xiaobo vore kjende dissidentar.

Sjå òg

Kjelder

  1. «dissident» i Nynorskordboka.
  2. «dissident». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 1. oktober 2019. 
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.