Doctor Who var ein britisk fjernsynsserie som gjekk utan avbrekk frå 1963 til 1989. Serien er teken opp att frå 2005. Han er produsert av BBC. Det var òg laga ein fjernsynsfilm av serien i 1996. Serien var uttenkt og skapt av Sydney Newman i 1963.

Synopsis

Tanken bak Doctor Who var å laga eit slag pedagogisk Science Fiction i beste sendetid. Hovudpersonen var ein særling som berre vart kalla «doktoren» utan nærare definisjon. Denne doktoren fór att og fram i tid og rom i ei tidsmaskin som likna mest av alt på ein britisk telefonkiosk, kalla Tardis (avstutting for Time And Relative Dimensions In Space). Serien vann snøgt kultstatus, og er eit av dei mest slitesterke varemerka BBC har produsert.

Doktoren, som ingen veit namnet på (og det forklårar og tittelen), fer ikring og bøter på urett, og bergar verda. Det særskilde med han er at han kan «regenerere» seg sjølv når han vert livstrugande skadd eller vert gamal. Såleis kunne produsentane skifte ut hovudrolla når det trongst, og halde serien i live med ein ny skodespelar. Til no har doktoren vore spela av ti ulike skodespelarar, forutan nokre parodiar (fem til).

Doktoren har ofte med seg ein følgjesvein eller felage, gjerne eit menneske, men like ofte eit romvesen eller ein robot. Desse skifter òg år om anna, og nokre held seg i serien over fleire doktorar. Desse følgjesveinane var med for at dei som såg serien skulle ha nokon å identifisere seg med.

Kvar episode var opphavleg på ein halv time, med ein cliffhanger på slutten, slik at folk skulle henge på til neste veke. Episodane var samla i større bolkar på alt frå to til seks episodar, som samla fortalde ei historie. Desse einskildbolkane vart sidan utgjeve i bokform.

Frå 2005 har episodane følgt "vanleg" dramaserie-standard, med einskildepisodar på 40 minutt. Kvar av desse er ei avslutta forteljing.

Doktoren

Doktoren er i røynda ein Time Lord (Tidshovding), som har drege i landflukt frå planeten Gallifrey. Sjølv seier han han har levd i om lag 700 år. Tidshovdingane kjenner løyndomen bak tidsreiser, men held seg frå å blande seg i gjeremåla til andre folkeslag. Doktoren er støtt på kant med folket sitt, nett av di han støtt blandar seg. Andre Doktor vart i si tid straffa for dette ved å dømast til regenerering og sett i eksil på Jorda, ein planet han held mykje av. Her arbeidde han ei tid for det løynlege forskingssenteret UNIT, til tidshovdingane løyste han frå bannet. Namnet hans vert aldri avdekt. Heilt på byrjinga av serien kallar felagen Ian Chesterton han for "Doktor Foreman«, av di han er bestefaren til Susan Foreman, ein annan av dei tre første felagane. På dette svarar doktoren berre »Doktor kven? Eg skjønar ikkje kva han snakkar om". Frå denne replikken skriv og namnet på serien seg.

I den nye serien er Doktoren att aleine. Mellom Åttande Doktor og Niande Doktor vart det utkjempa ein tidskrig, der alle på Gallifrey strauk med. Berre Doktoren i den niande inkarnasjonen var att.

Tardisen

Tardisen, farkosten til Doktoren, er skipa om lag som ein gamaldags blå engelsk telefonkiosk (Police Box). Etter det den første doktoren sa, var det meininga at tardisen skulle skifte form etter det landskapet han hamna i, men noko gjekk gale, og tardisen vart sjåande ut som ein telefonkiosk. Det særeigne med denne farkosten er at han tek så liten plass. Utantil ser han ut som ei lita kasse, men han er større på innsida. Sjølve boksen er transdimensjonal, med mange rom. Mykje av handlinga i serien går føre seg i kontrollrommet innanfor hovuddøra.

Tardisen er elles lunefull og mest levande. Ofte går han heilt andre stader enn det som var planen. Då Sarah Jane Smith skulle setjast av, til dømes, meinte doktoren dei hadde landa i East Croydon, medan dei i røynda var hamna i Aberdeen. Slikt noko fører doktoren opp i mange uventa opplevingar.

Dei ti doktorane

Dei som har spela Doctor Who til no er følgjande:

Alle dei ti skodespelarane gav doktoren eit ulikt preg, og synte at han skifta noko på lynne og lag ettersom han skifta skapnad. Nokre trekk heldt seg faste, mellom andre at han støtt var pasifist, og slest for ei god sak. Med åra har han òg vorte yngre og yngre, etter alderen på skodespelaren.

Ulike særdrag

Alle dei ti skodespelarane har gjeve doktoren ulike særdrag. Det var ikkje nett eit poeng at dei skulle framstille doktoren likt, og kvar skodespelar valde eit kostyme som høvde til rolletolkinga.

Følgjesveinar

Følgjesveinane til doktoren har ikkje støtt kome med han av fri vilje. Nokre sneik seg om bord i Tardisen, andre hamna der ved eit mistak. Doktoren har tedd seg så ymse mot desse menneska, men har for det meste utvikla eit venskap med dei. Som oftast har dei synt seg som gode vener, og har hjelpt doktoren utor mange kniper opp igjennom. Nokre av dei er vortne så folkekjære at dei fekk eigne seriar, mellom dei Sarah Jane Smith, spela av Elisabeth Sladen. Ho følgde tredje og fjerde doktor, og fekk ein reprise i lag med den tiande doktoren.

Musikken

Kjenningsmelodien til serien vart utarbeidd på primitivt elektronisk utstyr i BBC Radiophonic Workshop. Melodien vart laga av Ron Grainer, og spela inn av Delia Derbyshire og Dick Mills. Utstyret som var nytta, var nokre primitive oscillatorar, ein støygenerator og ein ringmodulator. Kvar tone vart klipt saman på lydband. Resultatet vart ein underleg, sfærisk melodi som har vore kjenningsmelodi for serien i alle år, sjølv om originalarrangementet ikkje var nytta etter 1983.

Skurkane i serien

Dei mest synlege romskurkane i denne serien er eit folkeslag som har vore med mest frå byrjinga: Dalekane. Dei minner mest av alt om peparbøsser med gevær og kikkertsikte, og har vore i trette med doktoren sidan byrjinga. Dei er vidgjetne og har eige oppslagsord i Oxford English Dictionary, og er best hugsa for kampropet sitt: «Exterminate!»

Elles finst det mange andre slag romvesen, slemme og mindre slemme, som doktoren og venene hans lyt berge verda frå.

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.