Donetsk oblast | |||
Донецька область, Donetska oblast | |||
oblast | |||
|
|||
Kallenamn: ukrainsk Донеччина (Donetsjtsjyna) | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Rajon | 18 | ||
Byrajon | 28 | ||
Byar | 183 | ||
Landsbyar | 1124 | ||
Koordinatar | |||
Hovudstad | Donetsk | ||
Areal | 26 517 km² | ||
Folketal | 4 622 900 (2006) | ||
Folketettleik | 174 / km² | ||
Grunnlagd | 3. juni 1938 | ||
Guvernør | Pavlo Kyrylenko[1] | ||
ISO 3166-2 kode | UA-14- | ||
Postnummer | 83000-87999 | ||
Retningsnummer | +380-62 | ||
Bilnummer | АН, АТ, ЯН, ЕВ, ЕА, ЕК, ЕМ, ЕС | ||
Språk | ukrainsk, russisk[2] | ||
![]() Donetsk oblast | |||
Wikimedia Commons: Donetsk Oblast | |||
Nettstad: www.donoda.gov.ua www.rada.gov.ua | |||
Donetsk oblast (ukrainsk Донецька область) er ein provins (oblast) aust i Ukraina. Hovudstaden heiter Donetsk. Historisk sett har provinsen utgjort mesteparten av Donbas-området. Provinsen har eit areal på 26 500 km².
Donetsk er den mest folkerike provinsen i Ukraina, med 4,6 millionar innbyggjarar (2006). Dette skuldast nokre store industribyar og dessutan urbane område rundt desse byane. Provinsen har mykje tungindustri, blant anna kolgruver og dessutan jarn- og stålverk.
Ved den ukrainske folketellinga i 2001 var dei etniske gruppene i Donetsk oblast: ukrainarar – 2 744 100 (56,9%), russarar – 1 844 400 (38,2%), grekarar - 77 500 (1,6%), belarusarar - 44,500 (0,9%) og andre (2,3 %).[3]
Russiske styresmakter har hatt den dominerande kontrollen over provinsen etter at dei annekterte han den 30. september 2022.[4]
Styresmaktene i Donetsk truga med at dersom Viktor Jusjtsjenko vann presidentvalet i Ukraina i 2004, ville ein halde folkeavstemming om Donetsk skal erklære seg som ein sjølvstendig provins i Ukraina. Denne folkeavstemminga vart seinare avlyst.
Sidan 2014 var Donetsk oblast og Luhansk oblast delvis kontrollerte av pro-russiske separatistar. Delelina gjekk midt gjennom dei to regionane med byane Donetsk og Luhansk på den austelege sida av grensa, mens blant anna Kramatorsk og Mariupol fram til krigen i Ukraina var kontrollert av regjeringa i Kyiv. Folkerepublikken Donetsk og Folkerepublikken Lugansk proklamerte i 2014. Viktor Janukovitsj, som vart avsett i 2014, er fra Donetsk-området.[5][6] Kramatorsk har sidan fungert som hovudstad for den delen av Donetsk oblast som er under ukrainsk kontroll.[7] Russiske styrkar har uoffisielt vore i området sidan 2014.[8][9] Det har vore uklart om striden i Aust-Ukraina bør bli definert som ein ukrainsk borgarkrig eller som ein krig med Russland.[10]
Russland sin president, Vladimir Putin, kunngjorde den 21. februar 2022 at Russland anerkjende dei to utbrytarområda som uavhengige, og inngjekk ein venskaps- og bistandsavtale med opprørsleiarane[11] med rett for Russland til å etablere militærbasar og utplassere rakettar.[6] Den 24. februar sende Russland militære styrkar inn i Ukraina - ifølgje Putin for å tryggje freden i Aust-Ukraina. Dermed eskalerte krigen i Ukraina ytterlegare.[9][12][13]