C-47 Skytrain C-53 Skytrooper | |
Informasjon | |
---|---|
Type | Militært transportfly |
Produsentnamn | Douglas Aircraft Company |
Designa av | Douglas Aircraft |
Fyrste flyging | 23. desember 1941[1] |
Hovudbrukarar | United States Army Air Forces |
Fleire brukarar | Royal Air Force United States Navy Sjå operatørar |
Produserte fly | >10 000 |
Passasjerar | 28 soldatar eller 12,7 tonn last |
Mannskap | 3 |
Spesifikasjonar | |
Lengd | 19,43 m m |
Høgd | 5,18 m m |
Vengespenn | 29,11 m m |
Vengeareal | 91,70 m² m² |
Masse utan last | 8 225 kg kg |
Motorar | 2 × Pratt & Whitney Twin Wasp R-1830-90C, 14-cylinder stjerne, 1 200 hk kvar |
Maksfart | 360 km/t km/t |
Marsjfart | 257 km/t (160 mph) km/t |
Marsjhøgd | 8 045 m m |
Rekkjevidd | 2 575 km km |
Klatrefart | 345 m/min. m/min |
C-47 Skytrain C-53 Skytrooper | |
Douglas DC-3 |
Douglas C-47 Skytrain eller Dakota (RAF-namn) er eit militært transport fly som vart utvikla frå ruteflyet Douglas DC-3. Det vart mykje nytta av dei allierte under andre verdskrigen og militære operasjonar gjennom 1950-åra.
Under andre verdskrigen vart C-47 og modifiserte Douglas DC-3-arar brukt av dei allierte styrkane til transport av troppar, militært materiell og såra soldatar. Meir enn 10 000 fly vart produsert i Long Beach og Santa Monica i California og Oklahoma City i Oklahoma. C-47 spelte ei viktig rolle i mange av felttoga til USA, i Stillehavskrigen, ikkje minst dei som gjekk føre seg i jungelen i Ny-Guinea og under Burma-krigen der C-47 (og den maritime versjon, R4D) aleine gjorde det mogeleg for allierte troppar å slå den japanske styrken ved transport av mannskap og forsyningar, slepe glidefly og transport av fallskjermsoldatar.
Under invasjonen i Normandie (Operasjon Overlord) vart C-47 og varianten C-53 Skytrooper, brukt av invasjonsstyrkane i store mengder til transport av fallskjermsoldatar og til å slepe glidefly som Airspeed Horsa.
Etter andre verdskrigen vart mange C-47 selde til sivile flyselskap. Ombygd til passasjerversjonen Douglas DC-3 Dakota vart flyet brukt på dei fleste vestlege nystarta ruter etter krigen.
335 skvadron på Gardermoen hadde lenge ein C-47 som vart brukt til å fly Kong Olav V. Flyet hadde kjenningsbokstavane BW-K, som ble uttalt: Bravo Whiskey King (altså ikkje Kilo som vanlegvis vert nytta).
C-46 Curtiss C-46 Commando