Dovenfuglar er små og tjukkfalne. I kroppsforma liknar dei mykje på jakamarar, men manglar dei glansfulle fargene til jakamarar. Hovudet er stort og tjukt, nebbet er kort og endar i ein liten krok. Fuglane har ein mørk og lite kontrastfull fjørdrakt. Rundt nebbrota vekst det ei sterk bust. Halen er vifteforma, vengene er korte og breie, eit unnatak er arten svaleveng (Chelidoptera tenebrosa) som har lange og meir spisse venger. Dovenfuglar kan variere i lengd frå 16 til 20 cm.
Familien har namn etter måten dei jaktar, ein dovenfugl sit ofte urørleg på ei grein og ventar og snappar insekt i lufta som kjem nær. Dei tar sjeldan bytte frå bakken. Dei er hovudsakleg insektetarar, men kan og ta små virveldyr. Dovenfuglar hekkar i grupper eller som einslege par. Dei grev hòl i bakken eller i termittuer til reirplass. Inngangen til reiret vert kamuflert med greiner og blader. Kvart kull har to til tre kvite egg, begge foreldra ruger. Ungane oppheld seg i reiret i 20 til 30 dagar etter klekking.
↑Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018(CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
↑Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)