Dundalk
by
Land  Irland
Provins Leinster
Areal 24,68 km²
Folketal 35 085  (2006)
Folketettleik 305 / km²
Kart
Dundalk
54°00′16″N 6°24′01″W / 54.004444444444°N 6.4002777777778°W / 54.004444444444; -6.4002777777778
Wikimedia Commons: Dundalk

Dundalk (irsk Dún Dealgan) er den sjuande største byen i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Louth og er så vidt mindre enn Drogheda, som òg ligg i Louth. Begge har like over 35 000 innbyggjarar.

Byen ligg nær grensa til Nord-Irland og har fått namn etter det irske Dún Dealgan, som tyder 'Dalga sin festning'. Byen fekk byrettar i 1189 og ligg ved den nedste brua over elva Castletown. På byvåpenet står det «Staden der den modige Cúcchulainn vart fødd», som er ein figur frå irsk mytologi.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Dundalk