Earl Hines

Fødd28. desember 1903(1903-12-28)
FødestadDuquesne i Pennsylvania i USA
Død22. april 1983 (79 år)
DødsstadOakland i California
OpphavUSA
Aktiv1920-åra til 1983
SjangerJazz, swing
InstrumentPiano
PlateselskapColumbia, Brunswick, Fantasy, Capitol, RCA Victor, Impulse!, Verve, Delmark, Black and Blue, Black Lion, Chiaroscuro
Verka somMusikar, bandleiar

Earl Kenneth Hines, òg kjend som Earl «Fatha» Hines (28. desember 190322. april 1983), var ein USA-amerikansk jazzpianist og bandleiar. Han var ein av dei viktigaste personane i utviklinga av jazzpiano og, i følgje ei kjelde, «ein av få pianistar som med spelestilen sin forma jazzhistoria».[1]

Trompetisten Dizzy Gillespie (eit medlem av storbandet til Hines, i lag med Charlie Parker) skreiv, «Pianoet er grunnlaget for moderne harmoni. Denne vesle karen kom ut frå Chicago, Earl Hines. Han endra pianostilen. Du kan finne røtene i Bud Powell, Herbie Hancock, alle dei karane som kom etter. Om det ikkje hadde vore for at Earl Hines gjekk opp stien for generasjonen som kom etter, er det ikkje godt å seie kvar me ville ha vore eller korleis me ville ha spelt no. Det var individuelle variasjonar, men den moderne pianostilen kom frå Earl Hines.»[2]

Pianisten Lennie Tristano sa «Earl Hines er den einaste av oss som er kapabel til å skape verkeleg jazz og verkeleg swing når han speler heilt på eiga hand.» Horace Silver sa, «Han har ein heilt unik stil. Ingen kan få til den stilen der, ingen andre pianistar».[3] Erroll Garner sa «Når du snakkar om stordom, snakkar du om Art Tatum og Earl Hines».[4]

Count Basie sa at Hines var «den beste pianisten i verda».[5]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]


Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Jazz: A Film by Ken Burns». PBS.org quoting The New Grove Dictionary of Jazz. Oxford University Press. Henta 22. september 2020. 
  2. Gillespie & Fraser 2009, s. 486.
  3. Earl Hines - Pittsburgh Music History
  4. Obituary. Daily Telegraph, 23. april 1983.
  5. Stanley Dance: liner notes to «Earl Hines at Home»: Delmark DD 212. As well as The World of Earl Hines and The World of Duke Ellington, Dance also wrote The World of Count Basie (Da Capo Press, 1985), ISBN 0-306-80245-7. See also Pittsburgh Music History (Bakgrunnsstoff, below).
  6. «West Side Story - Earl Hines | Songs, Reviews, Credits | AllMusic» – via www.allmusic.com. 
  7. «An Evening with Earl Hines - Earl Hines | Songs, Reviews, Credits | AllMusic» – via www.allmusic.com. 
  8. «Live at the New School - Earl Hines | Songs, Reviews, Credits | AllMusic» – via www.allmusic.com. 
  9. «Jazz Is His Old Lady and My Old Man - Earl Hines | Songs, Reviews, Credits | AllMusic» – via www.allmusic.com. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Earl Hines