Ebola er ein sjukdom valda av Ebola-viruset. Han vart fyrst oppdaga i Den demokratiske republikken Kongo i 1976. Tidlege symptom inkluderer feber, sterk veikskap, muskelsmerter og sår hals. Seinare symptom er spye og diare. I nokre fall fører sjukdomen til både indre og ytre blødingar.