Edellauvskog er ein rik vegetasjonstype[1] med stort biologisk mangfald og høg produksjon. Dette er ein varmekrevande vegetasjonstype som i Noreg ofte ligg i sørvendte og solrike lier. Vanlege treslag i edellauvskog er eik, lind, hassel, alm, lønn, bøk og ask.