Eilert Sundt

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. august 1817
Farsund kommune
Død

13. juni 1875 (57 år)
Eidsvoll kommune

Yrke teolog, sosiolog
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Nikoline Sundt
Eilert Sundt på Commons

Eilert Lund Sundt (8. august 181713. juni 1875) er rekna som den fyrste sosiologen i Noreg. Sundt var ein pioner innan samfunnsforsking.

Livssoge

Eilert Sundt blei fødd i Farsund som den trettande ungen til Karen Bing Sundt og skipper Lars Sundt. Familien var mangesyslarar, altså dreiv dei med mange ulike ting som til saman skaffa dei levebrødet. Det var under oppveksten i Farsund at Eilert såg mange av problema han kom til å vera oppteken av seinare - fattigdommen, overfolkinga og arbeidarane sine harde og usikre kår.

Skuleforholda i Farsund var dårlege, så Eilert underviste seg sjølv då han var rundt 12-14 år gammal. Elles blei han undervist av ein slektning, og gjekk på latinskulen i Stavanger, utan å finna det særleg inspirerande.

Han tok til å studera i Kristiania i 1835 og blei, etter eit avbrot som huslærar, utdanna som prest. Henrik Wergeland var ein god venn av han.

Frå 1845 arbeidde Eilert som lærar ved Christiania Tukthus ved sidan av studia, og der blei han kjend med ein del taterar, og fekk interesse for dei. Det var mellom anna denne folkegruppa han skulle undersøkja nærare seinare.

Frå 1848 til 1869 arbeidde han med statsstipend for å studera landstrykarar. Etter kvart utvikla prosjektet seg til forsking på den sosiale tilstanden i Noreg. Fram til 1875 gav han ut avhandlingar om mellom anna taterar, dødelegheita i Noreg, giftarmål i Noreg, sedelegheitsdebatten, sjølvmord, sjøulukker, fiskarar, gruvearbeidarar, edruelegheita i landet, byggjeskikk, båttypar, husflid og reinsemd. I tillegg skreiv han om gammalnorsk og dialektar.

Eilert blei ein banebrytar innan sosiologisk kartlegging av levemåten bonde- og arbeidarklassen.

Sundt var redaktør for Folkevennen frå 1857 til 1866. Frå 1869 og fram til han døydde var Sundt tilsett som sokneprest i Eidsvoll.

Verk

Bakgrunnsstoff