Elias Faleide | |||
Fødd | 10. oktober 1879 | ||
---|---|---|---|
Død | 1967 (alder 87–88) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | Agronom og politikar | ||
Verv | ![]() | ||
Føregangar | Jon A. Vereide | ||
Etterfylgjar | Jon A. Vereide | ||
Verv | ![]() | ||
Føregangar | Jon A. Vereide | ||
Etterfylgjar | Martin R. Andenes | ||
Verv | ![]() | ||
Føregangar | Martin R. Andenes | ||
Etterfylgjar | John Austrheim | ||
Alle verv |
|
Elias Paulson Faleide (fødd 10. oktober 1879 i Stryn kommune, død 1967 i Gloppen kommune), var ein norsk fylkesagronom, ordførar og stortingsrepresentant for Venstre.
Elias Faleide vart fødd på garden Riise i Stryn kommune i 1879. Han var son til kommandersersjant Paul Hansen Faleide og Kristi Eliasdotter Riise (Tonning). Han er uteksaminert frå Landbrukshøgskolen i 1905, og vart i 1912 fylkesagronom for Nordfjord. Han busette seg på Sandane. Frå 1938 var Faleide husdyragronom for heile fylket. Han sat som leiar for Nordfjord og Sunnfjord Fjordhestlag i over 30 år, frå 1926 til 1959.
Faleide var ordførar i Gloppen kommune i tre bolkar, 1919–1922, 1928–1941 og 1945–1947. Han var og fleire gonger formann i fylkestinget i Sogn og Fjordane. Faleide var stortingsrepresentant for Venstre frå 1919-1921, og 1922-24.
Han var aktiv i arbeidet med stiftinga av kraftselskapet Firdakraft, og medverka og til utbygging av den første store kraftstasjonen i Øksenelvane, tidleg på 1950-talet. Han var styreformann i Firda Billag i mange år.