Emile Heskey
Personleg informasjon
Fullt namn Emile William Ivanhoe Heskey
Fødd 11. januar 1978
Fødestad Leicester
Høgd 188 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Aston Villa
Nummer 18
Ungdomsklubbar
1987-1994 Leicester City
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1994-2000
2000-04
2004-06
2006-09
2009-
Leicester City
Liverpool
Birmingham City
Wigan Athletic
Aston Villa
154 (40)
150 (39)
68 (14)
82 (15)
45 (5)
Landslag
1996-2000
1999-
England U21
England
16 (6)
57 (7)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. mai 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 10. mai 2010

Emile William Ivanhoe Heskey (fødd 11. januar 1978 i Leicester) er ein engelsk fotballspelar. Han har spela for Aston Villa i engelsk Premier League, og for det engelske landslaget. Han var med på å vinna UEFA-cupen med Liverpool i 2001. I 2004/05-sesongen var han Birmingham City sin toppskårar i Premier League, med 11 seriemål, og i 2006/07-sesongen var han det same for Wigan Athletic med 9 seriemål. Han debuterte for England sitt A-landslag 28. april 1999 i ein vennskapskamp borte mot Ungarn og fekk sin landskamp nummer 50 for England 15. oktober 2008 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Kviterussland.