Erik Grant Lea | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. oktober 1892 |
Død | |
Yrke | reiar |
Erik Grant Lea på Commons |
Erik Lawrence Grant Lea (15. oktober 1892–28. april 1979) var ein norsk skipsreiar og jobbetidsspekulant frå Bergen.
Lea, som var son til ein «noe eksentrisk språklærer og translatør» i Bergen, arbeidde som kontorist frå han var 16 år gammal. I 1915 etablerte han seg som disponent for ulike reiarlag. Gjennom 1915-16 etablerte han 12 dampskipsselskap, alle med ein einaste båt, som både kjøpte og selde skip. Sjølv åtte han få aksjar i dei ulike selskapa, noko som i 1917 førte til at han i 1917 mista disposisjonen over selskap då aksjonærgrupper organiserte seg og tok styringa i selskapa.
I 1917 skipa han fleire forsikringsselskap, eit av dei med avdelingskontor i Kristiania og fleire utanlandsagentur. Same året starta han opp Leas Aktie- & Bankierforretning A/S. I 1919 vart det klart at banken hadde store tap, samstundes som forsikringsverksemda sleit økonomisk. Banken vart slått konkurs hausten 1921, og forsikringsselskapa avvikla. Dei neste åra dreiv han som skipsreiar i det små, i 1925 var det heile over.
Lea flytta i 1925 til Gjølanger i Fjaler, der han budde livet ut.