Ernakulam | |||
by | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Stat | Kerala | ||
Folketal | 558 000 (2001) | ||
Ernakulam 9°58′42″N 76°17′01″E / 9.9783333333333°N 76.283611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Ernakulam | |||
Ernakulam er bysentrumet i Kochi i Kerala i India, og har gjeve namn til Ernakulam distrikt.[1] Viktige institusjonar og verksemder, som høgsteretten i Kerala, administrasjonen til Kochi Municipal Corporation og det største skipsverftet i India, Cochin Shipyard,[2] ligg her.
Ernakulam var tidlegare administrasjonssenter i Ernakulam distrikt, men dette vart seinare flytt til Kakkanad. I tidlegare tider var byen hovudstad i fyrstedømet Cochin. Byen ligg 220 km nordvest for hovudstaden Thiruvananthapuram.
Det har budd menneske i Ernakulam-området sidan steinalderen, noko ein kan sjå spor av gjennom steinstøtter og hòler ein kan sjå fleire stadar i Ernakulam.
I oldtida og mellomalderen var det betydeleg handel mellom dei Kerala og verda utanfor Kerala.[3] Den tidlege politiske historia til Ernakulam var knytt til Tsjera-dynastiet under sangamtida, som styrte over store delar av Kerala og Tamil Nadu. Etter tsjeratida låg området under kongeriket Cochin.[4]
Ernakulam var hovudstad i Cochin State. I den første folketeljinga i 1911 hadde Enakulam 21 901 innbyggjarar, kor 11 197 hinduar, 9 357 kristne, 935 muslimar og 412 jødar.[5]
Ernakulam ligg i Ernakulam-distriktet i det sentrale Kerala i India. Høgda over havet er snaue 5 meter.[6]
Etter Köppen si klimaklassifisering har Ernakulam tropisk monsunklima. Sidan regionen ligg sørvest i Kerala har det tropiske klimaet, med minimale temperatursvingingar i løpet av døgnet, året igjennom. Sommaren varer til mai og vert etterfølgt av aust-vest-monsunen frå juni til september. I oktober og november kjem ettermonsunen («retreating monsoon»). Vinteren varer frå desember til februar, og er noko kjøligare på grunn av vinden frå Dei vestlege Ghatfjella.
Gjennomsnittleg årleg nedbør er 3 000 mm. Sørvest-monsunen kjem vanlegvis i midten av mai. Etter juli minkar regnet. I gjennomsnitt har Ernakulam 124 regnversdagar i året. Gjennomsnittleg temperatur om sommaren er 33° C, medan lågaste minimumstemperatur er notert til 22,5° C. Maksimumstemperaturen om vinteren er 29° C, minimumstemperaturen er 20° C.
Ernakulam er eit økonomisk senter i Kerala. Cochin hamn og Cochin skipsverft[7] har akselerert veksten i byen. I utkanten av Ernakulam ligg teknologi-distriktet Infopark, Kochi og IT-distriktet SmartCity, Kochi.[8] Turisme har òg bidrege sterkt til vekst på staden.
I åra 1953 til 1972 var Noreg, gjennom Norsk utviklingshjelp, no Norad, involvert i utvikling av fiskeria og modernisering av den lokale fiskeriflåten. Det vart etablert eit utviklingsprosjekt som sidan har vorte namngjeve som fiskeriprosjektet i Kerala. Hovudkvarteret til prosjektet låg først i Neendakara, men vart flytta til Erakualam i 1961. I Ernakulam vart det då bygd is-fabrikk, vedlikehaldsverkstad, kaianlegg og opphalingsslipp på Foreshore Road. I løpet av dei elleve åra prosjektet var i verksemd i Ernakulam vart det investert om lag 120 millionar kroner.