Esbo stad | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Södra Finlands län | ||
Areal | 312,35 km² | ||
Folketal | 314 821 (29. februar 2024)[1] | ||
![]() Esbo 60°13′N 24°40′E / 60.21°N 24.66°E | |||
Wikimedia Commons: Espoo | |||
Esbo, /'ɛsbɔ/, (finsk Espoo) er ein by i landskapet Nyland i Södra Finlands län i Finland. Esbo ligg ved Finskebukta og grensar i aust til Helsingfors og Vanda, i vest til Kyrkslätt og i nord til Vichtis og Nurmijärvi. Grankulla dannar ein enklave inni Esbo. Esbo er den nest største byen i landet med omkring 235 000 innbyggjarar (2007).
Esbo inngår i Helsingforsregionen.
Dei første menneska flytta til Esbo allereie for 9000 år sidan og det har vore permanent busetnad i området i alle fall frå og med 1100-talet. Den viktige Kungsvägen frå Åbo til Viborg har gått gjennom byen sidan 1200-talet. Namnet Esbo kjem truleg frå det gamle svenska ordet äspe ('aspeskog') og å ('elv'), altså Asp(skog)-å. Namnet finst første gong nemnd i 1431. Esbo kyrkjelyd vart skild frå Kyrkslätt kapell i 1458, og Esbo gråstenskyrka er frå 1480-talet. Kyrkja er også eldste bygnad i Esbo.
I 1920 hadde Esbo 9 000 innbyggjarar, av dei hadde 70 % svensk som morsmål, og 75 % arbeidde innom jordbruket. Villastrøket Grankulla vart skild frå Esbo landskommun i 1920. På 1940- og 1950-talet byrja Esbo å vekse kraftig som ein forstad til Helsingfors, og landsbygdkommunen voks til ein handels- og industristad. Esbo vart kjøpstad i 1963 og fekk bystatus i 1972. Esbo voks frå 22 000 innbyggjarar til 210 000 mellom 1950 og 2000. I dag bur det cirka 20 000 svensktalande i Esbo, dvs. i underkant av 9 % av folkesetnaden.
Nokia har hovudkontoret sitt i Esbo. I og med at Tekniska högskolan ligg i byen har det også vakse opp ein sterkt IT-industri, med diverse programvarefirma. Også heisprodusenten Kone har hovudkontoret sitt i byen.
Esbo er inndelt i 7 storområde og 55 bydelar. Esbo har ikkje noko eigentleg sentrum, i staden har byen fem skilde sentra:
Stor-Alberga
Karabacka | Kilo | Dalsvik | Alberga | Fågelberga | Klappträsk | Smedsby | Gröndal
Stor-Hagalund
Gäddvik (Esbo) | Bredvik | Mankans | Ängskulla | Otnäs | Norra Hagalund | Hagalund | Westend
Stor-Mattby
Hemtans | Mattby | Olars
Stor-Esboviken
Esboviken | Kaitans | Ladusved | Nöykis | Bastvik | Sökö | Sommaröarna
Stor-Köklax
Esbogård | Köklax | Kurtby | Fantsby
Gamla Esbo
Esbo centrum | Gumböle | Högnäs | Träskända | Björnkärr | Karvasbacka | Stadsberget | Kolmpers | Kurängen | Morby | Nupurböle | Noux | Siikajärvi | Gamla Noux
Norra Esbo
Bodom | Kalajärvi | Gunnars | Lahnus | Lakisto | Luk | Nipert | Grundbacka | Rödskog | Gammelgård | Vällskog