Etnedal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Adm.senter | Bruflat | ||
Areal | 459 km² | ||
- land | 445 km² | ||
- vatn | 14 km² | ||
Folketal | 1 366 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Linda Mæhlum Robøle (Sp) | ||
Kommunenr. | 3450 | ||
![]() Etnedal 60°58′02″N 9°39′13″E / 60.967222222222°N 9.6536111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Etnedal | |||
Nettstad: www.etnedal.kommune.no | |||
Etnedal kommune er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar i nord og vest til Nord-Aurdal, i sør til Sør-Aurdal og i aust til Nordre Land. Kommunen ligg omkring det øvre utløpet av elva Etna og er tradisjonelt rekna til landskapet Valdres.
Etnedal kommune vart oppretta i 1894 då Bruflat sokn vart skilt ut frå Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn vart skilt ut frå Nord-Aurdal. Kommunevåpenet vart godkjend i 1989 og har ei gull kvelvingsbru mot ein blå bakgrunn. Motivet symboliserer Lunde bru.[1]
Elva Etna renn frå innsjøen Steinsetfjorden vest i kommunen, forbi Bruflat, før ho passerer Lunde bru, Høljarast bru og helleristingane ved Møllerstufossen og renn ut i Randsfjorden. Elva er ikkje regulert.
I Etnedal kommune er det høgtliggande område mot Valdres i vest. I nord og aust er det eit meir ope fjellviddelandskap, der det høgste punktet er Spåtind (1414 moh.) på grensa til Nordre Land.[2]
Etnedal kommune har ingen tettstader og busetnaden er spreitt. Busetnaden i kommunen følgjer dei fruktbare områda langsetter dalføra. Administrasjonssenteret ligg på Bruflat. Her er det laga ein park ved omsorgsbustadene, og ein ønskjer å etablere eit lite bygdetun her med gamle hus for aktivitetar.
Hovudnæringane i kommunen er husdyrhald og skogbruk, men det er også aktivitet innanfor industri og turisme.