Grafisk framstilling av det evolusjonære stamtreet, med genomstorleikar.

Evolusjon (latin evolutio, 'utfalding') er eit biologisk omgrep for gradvise endringar av arveeigenskapar til ein populasjon over tid. Endringane omfattar organismane sin morfologi (oppbygging), åtferd og liknande og medfører at nye artar oppstår medan andre døyr ut. Evolusjon er også knytt til økologi og miljøfaktorar. Som regel føregår evolusjon over lengre tidsperiodar som kan reknast i millionar av år (makroevolusjon), men ein kan også sjå evolusjon over nokre generasjonar (mikroevolusjon).

Ein samanhengjande evolusjonsteori blei først lagt fram av Charles Darwin (og uavhengig av Alfred Russel Wallace) i 1858, og er blitt vidareført av mellom anna evolusjonsbiologar med viktige nye hjelpemiddel som molekylærbiologi.

DNA-tråd som vert kopiert. DNA-replikasjon er hovuddrivkrafta i evolusjonen.

Evolusjonsfaktorane

I moderne evolusjonsteori vert det ofte skild mellom seks ulike faktorar; evolusjonsfaktorane, som ein reknar som gode nok til å forklara evolusjonære endringar innanfor artar (mikroevolusjon):

  1. Naturleg utval fører til at dei best tilpassa individa i ein bestand har eit større sannsyn for å overleva og for å forplanta seg. Gjennom generasjonane fører dette til endringar i eigenskapane til individa, og ein får tilpassing.
  2. Seksuell seleksjon skjer på same måte, bortsett frå at det her ikkje dreier seg om tilpassing til miljøet, men kor dyktige individa er til å finna kjønnspartnarar. Resultatet er sekundære kjønnskarakterar som til og med kan gjera individa dårlegare tilpassa til miljøtilhøva.
  3. Mutasjonar er tilfeldige, spontane endringar i genomet.
  4. Rekombinasjon er blandinga av gena til to foreldre når desse formeirar seg med kvarandre.
  5. Migrasjon eller vandring er inn- eller utvandring av individ til eller frå ein annan bestand, som kan ha vore tilpassa til avvikande miljøtilhøve.
  6. Gendrift er tilfeldige endringar i samansetnaden til genbassenget i bestanden. Såleis kan òg ufordelaktige eigenskapar spreie seg over tid.

Dei første to faktorane fører til tilpassing og føreset variasjon mellom individuelle organismar i bestanden. Faktorane frå 3 til 5 aukar variasjonen i bestanden, men er uføreseielege (stokastiske). Gendrift føreset, som seleksjon, variasjon, men kan særleg i små bestandar motverka seleksjonen.

Makroevolusjon

Evolusjonsteorien viser at alt liv har felles opphav. Denne figuren, «Livets tre», gjev eit bilete av korleis ein tenkjer seg at dette har gått føre seg.

Ofte diskuterer ein evolusjon over artsnivå (makroevolusjon) som noko anna enn mikroevolusjon. Grunnen til dette er at opphavet til og utryddinga av større grupper som omfattar mange artar, ikkje utan vidare lèt seg forklara gjennom dei mikroevolusjonære evolusjonsfaktorane frå førre delkapittel.

Den følgjande lista nemner område der biologar tidlegare, særleg mellom 1900 og om lag 1940, har sett det naudsynt å innføra særskilde makroevolusjonære mekanismar for å forklara makroevolusjon. I dag ser ein for det meste på dei fleste av desse tilfella som feilaktige og/eller ikkje naudsynte.

Kjelder

«evolusjon – biologi» i Store norske leksikon, snl.no.


Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.