Fissura longitudinalis cerebri er den djupe og langsgåande hjernekløfta hjå ryggbeinsdyr som kløyver hjernen i to halvdelar.
Kløfta er kryssa av hjernebjelken, som knyter saman og syter for kommunikasjon mellom hjernehalvdelane. Den inneheld også ei dural hjernehinne kalla sigdfolda.