Flodhestar eller elv(e)hest er partåa hovdyr som lever store delar av livet i vatn og sumpområde. Det finst to nolevande artar, flodhest (Hippopotamus amphibius) og dvergflodhest (Choeropsis liberiensis), fordelt på kvar si slekt. Ein kjenner også til fleire utdøydde artar. Flodhestar fanst tidlegare over store delar av Afrika, Asia og Europa, men i dag lever ville flodhestar berre i Afrika sør for Sahara.
Skildring
Flodhestar er kraftige, tjukkhuda og nesten hårlause dyr som lever i elver, sjøar og sumper. Dei er kjenneteikna av korte bein, store hovud og veldige kjevar. Dei er planteetarar, men store flodhestar kan vera svært aggressive og kan drepa menneske.
Medan flodhest har fått namn etter hestar minner dei fysisk meir om grisar. Blant andre pattedyr er dei likevel nærast i slekt med kvalar.
Artar
Systematikken og taksonomien under for utdøydde og nolevande artar følgjer hovudsakleg Boisserie (2005).
Boisserie, Jean-Renaud (2005): The phylogeny and taxonomy of Hippopotamidae (Mammalia: Artiodactyla): a review based on morphology and cladistic analysis. Zool. J. Linn. Soc.143(1): 1-26. doi:10.1111/j.1096-3642.2004.00138.x (HTML abstract)