Forbodstida viser til tidsrom i ulike land då det var forbode å omsetja alkoholhaldige drikkevarer. Dei fleste slike forbod blei innførte i perioden frå rundt 1915 og fem år framover. I Noreg varte brennevinsforbodet frå 1916 til 1927.

Forbodstid i enkelte nasjonar

I Noreg vate brennevinsforbodet frå 1916 til 1927. Det var då forbode å produsera, importera, transportera, omsetja og skjenka brennevin. Biletet viser «I forbudets dage i Norge 1925», eit humoristisk postkort med blant anna kanner for heimebrent. (Utgjevar: Wexahl, Horten/Nasjonalbiblioteket)}
Karikaturteiknaren Albert Engström sitt innlegg i debatten rundt brennevinsforbodet i Sverige 1922. Etter ei folkerøysting då blei i staden motboken innført. Dette var ei ordning for kontroll og rasjonering av alkohol.

I Sverige (som hadde innført monopol på omsetnad av sprit og vin i 1919) blei det gjort ei folkerøysting om forbod den 27. august 1922. Dette var òg den første folkerøystinga i Sverige.[1] Valdeltakinga var 55,1 %. 51 % av alle stemmane blei avgitte mot forbod (63 % av desse var menn, 37 % var kvinner). Etter folkerøystinga blei likevel motboka innført som ei permanent ordning for heile Sverige fram til 1955.

The Volstead Act

Blankett for resept for bruk av alkohol under forbodstida i USA, eit dokument som ofte bleimisbrukt.

Den mest berømte (og beryktede) tida baserte seg på vedtaket om The Volstead act i USA i 1919. Loven hadde namn etter den som fremja han, juristen Andrew John Volstead (1860-1947), som var barn av eit norsk emigrantpar.

Ifølgje forslagsstillaren var føremålet med loven:

Amerikanske tenestemenn heller ut forbode alkoholhaldig drikke i 1921.

Loven blei gjeldande frå 16. januar 1920, og innførte forbod mot produksjon, transport og omsetnad av drikkevarer med høgare alkoholinnhald enn 0,5%.

Loven førte til ei valdsam oppbløming av kriminalitet basert på smugling og illegal produksjon (moonshine). I denne tida blei dessutan Cuba, under president Gerardo Machado, ein fristad frå loven, og øya opplevde ein nærast eksplosiv vekst av nye hotell og kasino. På halvøya Varadero oppretta den amerikanske mafialeiaren Al Capone eit senter for smugling.

Loven blei oppheva i 1933.

Statlege monopolutsal

I fem nordiske land førte forbodstida til skipinga av statlege monopolutsal for drikkevarer med alkoholinnhald over ein viss prosentsats.

Kjelder

  1. «Sveriges första folkomröstning - Arkivdokument ur folkrörelsehistorien fram till 1922», folkirorelse.se, henta 16. mai 2020