Frakk er eit kne- eller fotsidt ytterplagg, ofte bore som del av korrekt herreantrekk. Biletet viser Gerald Ford sin trenchcoat frå 1975 i enkelt snitt.
Ytterfrakkar frå viktoriatida med og utan pelsverk. Frakketypane på biletet blir kalla frock coatengelsk; til venstre ein overcoat, til høgre ein topcoat. Mennene ber òg flosshatt, vanleg herremote frå tdileg på 1800-talet til byrjinga av 1900-talet.
Illustrasjon: The Gazette of Fashion, 1872

Frakk er eit kne- eller fotsidt klesplagg som dekker overkroppen og er meint for utandørsbruk. Det finst frakkar i ulike lengder, nokre som går ned til livet, nokre som går ned til knea og nokre som går ned til anklane. Frakkar er ofte av tjukt, varmt, grovt tekstil, har knappar, krage eller hette og lange erme. Dagens ytterfrakkar utvikla seg frå kapper og skøytefrakkar på 1600-, 1700- og 1800-talet.

Med frakk tenkjer ein i dag vanlegvis på ein mannsfrakk, gjerne som eit finare klesplagg (herrekåpe eller overfrakk) utanpå til dømes dress. Snittet og materialane kan variera etter klesmoten eller bruksområdet, til dømes som regnfrakkar, lagerfrakkar eller vinterfrakkar.

Korte frakkar som rekkjer til livet eller låra kallar ein jakke. Eit liknande, sidt klesplagg for kvinner er kåpe.

Ordsoge

Det norske ordet frakk kjem etymologisk frå fransk frac via tysk Frack og dansk frakke.[1] Ordet viste opphavleg til klesplagg med lange skøytar for menn, til dømes diplomatfrakk.[2] Ordet blir no brukt på norsk mest i tydinga «overfrakk», men på svensk blir frack brukt om snippkjole. På svensk kallar ein gjerne ytterfrakk for ytterrock, överrock eller berre rock. Oå engelsk kan frakk omsetjast med overcoat, topcoat og coat.

Typar

Det finst ei lang rekkje frakketypar som har ulik utforming og er meint for ulik bruk. Dette gjeld både lette, kortare variantar av tynt stoff og tunge, side frakkar med fôr. Døme er legefrakk, lagerfrakk, labfrakk, uniformsfrakk og pelsfrakk. Frakkar, kappar og anna langt overtøy var vanlegare før enn no, og snitt, materialval, fargar og dekor har variert stort gjennom drakthistoria.

Frakkar har gjerne ein pynta krage som liknar dei nedfelte, ofte breia kragane og slaga på dressjakker. Frakkar, på same måte som jakker og vestar, kan vera enkelt- eller dobbeltknappa, og kan òg utstyrast med spensel, det vil seia ein stramestropp med spenne eller knapp, i ryggen. Frakkar kan òg ha belte.

Variantar

Lista viser eit utval av ulike typar side ytterplagg for menn og kvinner, særleg gamle og historiske. I vestleg mote har det vore ei mengd plagg med internasjonale namn basert på særleg fransk, engelsk og tysk.

Galleri

Sjå òg

Kjelder

  1. Oppslagsordet «frakke» i Ordbog over det danske Sprog
  2. Oppslagsordet «frakk» i snl.no