Framandgjering er ein prosess som fører til at verda på ein uønskt måte framstår som framand for mennesket. Mest kjend er kan henda Karl Marx sin teori om framandgjering, som byggjer på ein kritikk av Hegel og dei «unge hegelianarane», særleg Ludwig Feuerbach. Han går ut på at det i moderne industrisamfunn er slik at produktet ein arbeidar produserer vert skilt frå arbeidaren, av di det er kapitalisten som eig produktet og kontrollerer produksjonsprosessen. Produktet framstår difor for arbeidaren som noko «framandt», og som ho eller han ikkje har kontroll over.[1] I og med at det ifølgje Marx er gjennom arbeidet mennesket formar om verda, inneber det at om arbeidet vert framandgjort for arbeidaren, vil også verda verta framandgjord for ho eller han.

Kjelder

  1. «fremmedgjøring». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 17. april 2020. 
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden. Malen blei sett inn 2020
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.