Furufamilien
Furu
Furu
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Pteridobiotina
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Cycadophytanae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Furufamilien Pinaceae
F.Rudolphi, 1830

Furufamilien (Pinaceae) er den største av dei åtte bartrefamiliane.[1] Han består av 220-250 artar fordelt på 11-12 delgrupper, litt avhengig av korleis artar og slekter vert definerte. Trea i furufamilien er vanlegvis eviggrøne,[1] unntaket er lerka som feller nålene om hausten. Dei er vanlegvis sambu, dvs at dei har hann- og hoblomstrar på same individ.[1] Hannblomstrane består av nokre skjel nedst og talrike pollenberarar, kvar med to pollensekker. Hoblomstrane er samla i blomsterstander (konglar). Ein hoblomster består av eit kongleskjel med to frøemne og eit ytre dekkskjel. Frøa ligg nakne og furufamilien høyrer til dei nakenfrøa blomsterplantane. Det vil seie at det ikkje vert danna noka ekte frukt hos desse plantane.

Bortsett frå ein art, Pinus merkusii, kjem alle dei 255 furuartane frå område nord for ekvator. Dei fordeler seg på to grupper eller underfamilier, den eine med berre éi slekt, furu. Den andre, grangruppa, omfattar 10 slekter.[1]

Slekter

Dei elleve delgruppene i furufamilien er:

Artar

Furufamilien består av ca 250 artar fordelt på 11 slekter.

Cathaya

Slekta Cathaya omfattar arten:

Douglasgran

Slekta douglasgran omfattar arten:

Edelgran

Slekta edelgran består av ca 50 artar:

Furu

Gran

Slekta furu består av ca 115 artar:

Gran

Sibirsk lerk

Granslekta omfattar artane:

Gull-lerk

Slekta Pseudolarix eller gullerk omfattar arten:

Hemlokk

Slekta Tsuga eller hemlokk omfattar artane:

Keteleeria

Slekta Keteleeria omfattar artane:

Lerk

Seder

Delgruppa lerk (Larix) omfattar artane:

Nothotsuga

Slekta Nothotsuga omfattar arten:

Seder

Slekta Cedrus (seder) omfattar artane:

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Furufamilien» (30. desember 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 18. mars 2015.

Bakgrunnsstoff