For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 616 (fleirtyding).
Fylkesveg 616
616
Strekning
Isane – Kjelkenes i Bremanger
Fylkesveg 616
Informasjon
Lengd 79,4 km
Status
Fylke
fylkesveg
Vestland
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 616 614 617

Fylkesveg 616 (Fv616) går mellom Kalvåg og Hanslia i Bremanger kommune, med armar til Måløy og Isane. Veglengda (utanom ferjestrekninga) er 79,4 km.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.

Historikk

[endre | endre wikiteksten]

Fylkesvegen har gjennom åra vore gjenstand for mange endringar og utvidingar i samband med utbygginga av Bremangersambandet, men var til å byrje med ein veg som knytte Bremangerlandet til Måløy. Den fyrste vegen vart ferdigbygd i 1927 som bygdeveg mellom Dalsbotn og Kanalen, og i 1931 opna traséen vidare sørover til Fossane. I dei påfylgjande åra vart eit nytt ytre hovudsamband mellom Florø og Måløy om Årebrot-Botnane og Bremangerlandet lagt inn i vegplanen, og med dette vart Fossane - Ryland og Dalsbotn - Oldeide ferjekai opna i 1949 som hovudveg med ferjesamband mellom Oldeide og Måløy. Vidare opna vegen mellom Ryland og Smørhamn i 1956, med båtsamband til Florø, og seinare fekk han nemninga Riksveg 616.

På 1970-talet vart det påbyrja ny veg på Smørhamnøyna og samband til Frøya. I 1974 opna ny vegarm og ny Smørhamn ferjekai på Smørhamnøyna, og nytt ferjesamband til Florø. Dåverande samferdsle Ragnar Christiansen klypte snora over Oldersund bru den 22. august 1977, og med dette vart ny Rv616 mellom Smørhamn og Kalvåg opna. I 1977 vart òg opna nytt ferjeleie på Kjelkenes for sambandet mellom Smørhamn og Florø, men denne var ei steinbryggje av det enkle slaget med sliskar (køyreplankar) for å få bilar av og på ferja. Det var ikkje før den nye Norddalsfjordbrua som del av dåverande Riksveg 614 (Rv614) opna i 1987 at ein òg fekk ny og høveleg Kjelkenes ferjekai, og forlenging av Rv616 vegarm frå Smørhamn - Kjelkenes med ny veg frå ferjekaia til dåverande Rv614 gjennom Kjelkenes. Med dette vart Florø sløyfa, og ferjesambandet gjekk heretter mellom Smørhamn og Kjelkenes, og den nett ferjefrie traséen til Rv 614 vart hovudvegen vidare sørover til Florø og Sunnfjord.

På nordsida av Bremangerlandet vart ein arm av Rv616 bygd til Lågeidet, der han møtte dåverande Fylkesveg 575 i Sogn og Fjordane mellom Berle og Hornskor. I 2002 vart fyrste fase av Bremangersambandet opna, med dette vart strekninga Oldeide - Oldeide ferjekai - Måløy omgjort til vegarm av Rv616, medan Fv575 mellom Lågeidet og Saltkjervika lagt til som del av hovudtraséen til Rv616 frå Oldeide og austover. Den gamle fylkesvegen mellom Saltkjervika og Hornskor vart omklassifisert til kommunal og privat veg. Frå Saltkjervika vart det bygd ny undervasstunnel Skatestraumtunnelen til Rugsundøyna og vidare austover med ny bru Rugsundbrua til Kollsete og dåverande Fylkesveg 573 i Sogn og Fjordane mellom Bortnen og Isane. Med dette vart traséen til Fv573 mellom Kollsete og Isane overført til Rv616 som ein vegarm.

Hovudtraséen vidare frå Kollsete vart bygd som del av Bremangersambandet fase 2, då det mesteparten av dåverande Fv573 til Bortnen vart oppgradert til tofeltsveg, og ny tunnel Bortnetunnelen vart opna mellom Bortne og Fylkesveg 614 Hanslia den 16. mai 2013. Under planleggingsstadiet hadde den nye tunnelen nemninga Vingetunnelen, medan tunnelen vestanfor Bortnen hadde namnet Bortnetunnelen. Bremanger kommune føreslo at den nye tunnelen skulle få overta namnet Bortnetunnelen, medan den gamle Bortnetunnelen fekk det nye namnet Holnestunnelen.

Ein konsekvens av opninga av Bremangersambandet fase 2 er nedlegginga av ferjesambandet Kjelkenes-Smørhamn, og dette fekk fylgjer for vegarmen til nåverande Fylkesveg 616 frå Smørhamnsøyna. Traséen på Smørhamnsøyna mellom Fv616 og Smørhamn ferjekai vart frå 8. august 2018 omklassifisert til kommunal veg. Vegen mellom Kjelkenes ferjekai og noverande Fv614 Kjelkenes vart året etterpå lagt til som ein vegarm av Fylkesveg 614.[1]

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]

Vestland

[endre | endre wikiteksten]
Bremanger

Kalvågvegen

Smørhamnsvegen

Dalavegen

Hornelsvegen

Hornelsvegen

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]