Godfrey Harold Hardy (7. februar 1877–1. desember 1947) var ein kjend engelsk matematikar. Hardy er kjend for resultata sine i talteori og matematisk analyse. Han vart kalla «Harold» av nokre få nære vener, men er elles kjend som «G.H.».
Blant ikkje-matematikarar er han nok mest kjend for essayet sitt om estetikken i matematikken: A mathematician's apology (1940). Dette verkte gjev eit godt innblikk i korleis matematikarar tenkjer, og det er skrive for folk som ikkje er matematikarar sjølv.
Hardy er òg kjend for å ha teke seg av den indiske matematikaren Srinivasa Aiyangar Ramanujan. Sjølv har Hardy sagt at oppdaginga av Ramanujan er dei viktigaste bidraga hans til matematikken.