Gallirallus
Wekarikse i Marlborough Sounds, New Zealand Foto: Alan Liefting
Wekarikse i Marlborough Sounds, New Zealand
Foto: Alan Liefting
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Riksefamilien Rallidae
Slekt: Gallirallus
Lafresnaye, 1841

Gallirallus er ei biologisk slekt som samlar omtrent eit dusin nolevande, og fleire nyleg utdøydde rikser med utbreiing i Australasia-Stillehavs-regionen. Denne fugleslekta er prega av ei evne til å kolonisere relativt små og isolerte øyar og deretter å utvikle til former utan flygeevne, mange av dem døydde ut som følge av polynesisk busetting.

Skildring

Mange av riksene, inkludert velkjente wekarikseNew Zealand, er heilt eller delvis utan flygeevne, Andre, som til dømes bandrikse, kan flytte seg over store avstandar når ho først tar til vengene, sjølv om dei ikkje er gode flygarar. Slik har flygedyktige artar i denne slekta vore i stand til å kolonisere øyane over heile regionen.

Etter at menneske kom til slike øyar, blei mange øyendemar utrydda. Det skjedde som følge av jakt, introdusert nye predatorar som rotter, hundar eller griser, og brakt uorden i dei lokale økosystema. Eit vanleg polynesisk namn på desse riksene er weka, hovudsakleg for arten bandrikse G. philippensis. På engelsk derimot, er dette namnet i regelen avgrensa til Gallirallus australis.

Ein art, guamrikse, er utdøydd i naturen, men eksisterer med ein halvvill populasjon for å førebu gjeninnføring til det opphavlege habitatet. Tre andre artar har døydd ut i historisk tid, mens nykaledoniarikse, Gallirallus lafresnayanus, sannsynlegvis er utdøydd. Enigmarikse, Gallirallus sharpei, er berre kjent frå typeeksemplaret av uklårt opphav, kan også vere utdøydd, sjølv om nyare prov tyder på at det er ugyldig, og i staden bør reknast som ein morf av bandrikse. To andre artar er frå indisium trudd å ha overlevd inn i moderne tid, men er ikkje kjente frå seinare prøver.

På den andre sida er Gallirallus-artar, med unntak av wekarikse, notorisk tilbaketrekte og sky fuglar, ofte med lite iaugefallande farger. Når ein veit at okinawarikse og calayanrikse blei oppdaga av ornitologar først på slutten av 1900-talet, og så seint som i 2004, høvesvis, så kan det ikkje utelukkast at nykaledoniarikse og enigmarikse framleis eksisterer.

Artslista

Gallirallus-rikser i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Kjelder

Referansar

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff