Gammaltyrkisk (også orchon-[1] eller runetyrkisk[2]) er det eldste skriftlege belegget for dei tyrkiske språka. Språket vart snakka i det 7. til det 17. hundreåret etter vår tidsrekning[3]. Språket i manuskripta frå det 9. hundreåret blir også kalla for gammaluigursk.

Namnet gammaltyrkisk er litt misvisande, i og med at det ikkje er utgangspunktet for alle tyrkiske språk, det er rettare å sjå det som ei tidleg form av dei sibirske eller nordaustlege tyrkiske språka. Moderne tyrkisk, på si side, høyrer til den sørvestlege gruppa av tyrkiske språk.

På same måte er namnet gammaluigursk misvisande, i og med at uigursk høyrer til den søraustlege gruppa av tyrkiske språk. Artikkelen om tyrkiske språk gjer nærare greie for klassifiseringa av desse språka.

Kjelder

Kjeldene for gammaltyrkiske består av to tekstsamlingar, eller korpora:

Fonologi

Gammatyrkisk har ni distinkte vokalar: a, e, ė, i, ï, o, ö, u, ü. Det fulle vokalsettet kan berre stå i første staving, andre stavingar i ordet har berre fire vokalar: a, e, ï, i.

Konsonantsystemry skil mellom ustemde, stemde (med frikative variantar) og nasalar:

Referansar

  1. Wolfgang-Ekkehard Scharlipp Die frühen Türken in Zentralasien, S. 68f. - diese Benennung geht zurück auf Talat Tekin und auf Vilhelm Thomsen, dem Entzifferer der Orchon-Inschriften
  2. Wolfgang-Ekkehard Scharlipp Die frühen Türken in Zentralasien, S. 69 – ein weiterer Vorschlag Thomsens
  3. Gerhard Doerfer: Bemerkungen zur chronologischen Klassifikation des älteren Türkisch.
  4. Scharlipp, Wolfgang (2005).

Litteratur

Bakgrunnsstoff