Gareth Southgate
OBE
Southgate i 2023
Personleg informasjon
Fullt namn Gareth Southgate[1]
Fødselsdato 3. september 1970 (53 år)[2]
Fødestad Watford
Høgd 6 fot 0 tommar (1,83 m)[3]
Posisjon Forsvars, midtbane
Ungdomsklubbar
Southampton
Crystal Palace
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1988–1995 Crystal Palace 152 (15)
1995–2001 Aston Villa 191 (7)
2001–2006 Middlesbrough 160 (4)
Totalt 503 (26)
Landslag
1995–2004 England 57 (2)
Trenar for
2006–2009 Middlesbrough
2013–2016 England U21
2016–2024 England
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Gareth Southgate (fødd 3. september 1970) er ein engelsk fotballtrenar og tidligare -spelar som var landslagssjef for det engelske herrelandslaget i fotball frå september 2016 til 2024 . Han var 1990-206 etter tur aktiv spelar i klubbane Crystal Palace FC, Aston Villa og Middlesbrough FC.

Spelar

[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel

[endre | endre wikiteksten]

Southgate spelte seg til fast plass i Crystal Palace FC i 1991. Frå sommaren 1995 gjorde han teneste i Aston Villa i seks sesongar. Med laget frå Birmingham vann han ligacupen i 1996 og spelte FA-cupfinale mot Chelsea FC i 2000. Han avslutta si aktive karriere med spel for Middlesbrough i 2001-05. Med dette laget vann han i 2004 ligacupen for andre gong. 10. mai 2006 var han kaptein for det Middlesbrough-mannskapet som tapte UEFA-cupfinalen 0-4 mot Sevilla FC. Fire veker seinare fekk han jobben som sjef for Middlesbrough-laget.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

I tida frå desember 1995 til mai 2004 deltok Southgate i 57 av Englands landskampar. Han var fast på laget under EM i fotball 1996 på heimebane. I semifinalen mot Tyskland mislukkast han som eksekutør i staffeskytinga då dei to laga stod likt etter 120 minutts spel. Der og då slokna det engelske laget sin finaledraum. Sidan spelte han to kampar ved Fotball-VM 1998 og ein kamp ved Fotball-EM 2000. Under verdsmeisterskapen 2002 sleit han reservebenken heile vegen. Southgate skåra 2 landslagsmål.

Merittar

[endre | endre wikiteksten]

Trenar

[endre | endre wikiteksten]

Southgate var lagsjef for Middlesbrough fram til oktober 2009. Perioden 2013-16 var han landslagssjef for Englands U-21 landslag. Sidan juni 2016 har han vore landslagssjef for England. Han leia landslaget til semifinale i Fotball-VM 2018, og til finalen i så vel EM 2021 som EM 2024.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Hugman, Barry J., red. (2005). The PFA Premier & Football League Players' Records 1946–2005. Harpenden: Queen Anne Press. s. 578. ISBN 978-1-85291-665-7. 
  2. «Gareth Southgate». Barry Hugman's Footballers. 
  3. «Gareth Southgate». 11v11.com. AFS Enterprises. Arkivert frå originalen 3 July 2018. Henta 3 July 2018.